Hopp til innhold

Politiet måtte gripe inn mot hundrevis av unge som festa i natt

Fleire stader i landet melder politiet at unge vaksne festar i store grupper i strid med smittevernreglane. I Oslo samla hundrevis av unge seg på ei badestrand.

Politibiler ved Paradisbukta på Bygdøy i Olso

Politiet sende fleire patruljar til Paradisbukta for å løyse opp festen som hadde tiltrekke seg fleire hundre ungdommar på det meste.

Foto: PhotoRunner AS

Oslo-politiet har i natt fått over hundre klagar på festbråk, og patruljane har vore ute på 54 oppdrag knytt til festar gjennom natta. Operasjonsleiar Marita Aune seier til NRK at politiet ikkje rakk å følgje opp alle klagane.

Det same gjeld politiet over store delar av landet. Klagane på fest og leven har hagla inn, utan at dei har rukke å reise ut på alle.

Kjempefest på Bygdøy

Ved totida i natt kom ein patrulje frå Oslo-politiet over ein fest med fleire hundre deltakarar ved Paradisbukta på Bygdøy. Arrangøren fortalde ifølgje politiet at det hadde strøymt til mange som ikkje var inviterte i løpet av natta.

Politiet gav pålegg om å stanse festen. Dei skriv på Twitter at arrangøren gjekk i gang med å rydde utstyr, søppel og tomgods. Politiet skriv og at det var mykje brukt toalettpapir i busker og kratt.

Nattbussane frå Bygdøy tilbake mot Skøyen og sentrum var overfylte. Politiet seier det var mykje rus, og at sjåførane var fortvilte.

Fleire hundre unge menneske var samla i Paradisbukta på Bygdøy i Oslo i natt. Politiet hadde 54 oppdrag knytte til fest og bråk berre i Oslo. Video: Photorunner AS.

Over 100 i Middelalderparken

I Middelalderparken i Bjørvika i Oslo sentrum var over 100 unge menneske i alderen 25 til 35 år samla tidlegare på laurdagskvelden. Politiet vart tilkalla etter leven og bråk ved 21-tida.

Ifølgje politiet var det truleg ein arrangert fest. De kalla det «ein venners venner-fest». Politiet seier at festen braut heilt med tilrådde smittevernreglar.

Litt før klokka 23 braut politiet inn, og fekk skrudd av musikken. Festdeltakarane vart bedne om å forlate parken.

Laster Twitter-innhold

Kan ha samanheng med skjenkestoppen, ifølgje politiet

Også på Grünerløkka i Oslo var det meldt om ein fest med mykje bråk og høg musikk i ein park.

Det er ikkje sikkert at dei store festane har samanheng med skjenkestoppen ved midnatt, men operasjonsleiar Aune seier til NRK at det ikkje er utenkjeleg.

Ho seier at det er uheldige med tanke på koronasituasjonen og smittevern at så mange unge er samla på same stad.

– Folk må få oppfordring om å rette seg etter dei tilrådingane som styresmaktene gir. Vi kan ikkje vere smittevernpoliti. Folk må tenke seg om, seier operasjonsleiaren.

Ho fortel at det natt til søndag har kome inn så mange meldingar om støy frå fester at politiet ikkje har kunna rekke alt.

Full fest ved domkyrkjeruinane på Hamar

På Hamar var mange unge samla på Domkyrkjeodden.

Ifølgje Øyvind Bakke, operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, var det rundt 150 ungdommar der.

Politiet tok imot melding klokka 23.51 om at det gjekk føre seg festing i parken ved domkyrkjeruinane rett utanfor Hamar sentrum.

Patruljen som kom til, påla dei som var der, å rydde opp og forlate området.

Laster Twitter-innhold

Fyll og støy i Trondheim sentrum

Det har vore mykje fyll og festbråk i Trondheim sentrum, etter at kranene vart stengt ved midnatt. Det fortel operasjonsleiar ved Trøndelag politidistrikt, Vegard Helgesen Riseth.

– Mange har openberra fortsett festen og drikkinga i privat regi, etter midnatt. Det er ikkje enkelt når vi over nokon timar får over tretti meldingar om plagsam festing i nabolaget. Vi har ikkje kapasitet til å oppsøkje så mange stader, seier Riseth.

Festbråk landet rundt

Også i Finnsnes, Tromsø, Kirkenes, Vadsø, Hammerfest, Alta, på Sortland, i Mo i Rana, Molde og Ålesund vart det meldt om festbråk på heimefestar og utandørs i natt.

I Agder opplyser politiet at dei ikkje har hatt kapasitet til å følgje opp alle meldingane som kom inn om festbråk i natt.

Laster Twitter-innhold

Skjenkestopp

Ved midnatt måtte alle barar, pubar og serveringsstader i Noreg stanse skjenkinga av alkohol. For dei fleste var det jamgodt med å måtte stengje for gjestar. Dette er i tråd med dei nye smitteverntiltaka til regjeringa.

NRKs TV-team som var i sentrumsgatene i Oslo i natt, fortel at det gjekk roleg føre seg. Dei aller fleste utestadane stengde dørene ved halv eittida, og folk tusla heim.

Innstrammingane kom etter den markante smitteauken den siste veka. Ein stor del av dei nye smittetilfella har kome etter privatfestar. Det har ført til at fleire i utelivsbransjen meiner det er urettvist at dei må stengje, medan private og utandørs festar blomstrar opp.

Dei siste tala frå Folkehelseinstituttet viser at det var registrert 9599 tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt. Det er 48 nye det siste døgnet. De to siste døgna er auken 131. I alt er det registrert 256 koronarelaterte dødsfall.

Oppdatert 10.08.2020: På grunn av personvern har vi fjerna eit bilete frå saka.

AKTUELT NÅ