NRK Meny
Normal

Hundrevis av tilsette må gå i Aker Solutions

På eit allmøte i dag vil fleire hundre tilsette få beskjed om at dei har mista jobben. Mange av selskapets unge vil etter det NRK erfarer måtte gå.

Aker Solutions

VERT SAGT OPP: Fleire hundre tilsette er venta å bli sagt opp i Aker Solutions si subseavdeling i dag.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Tilsette på Fornebu, Stokke, Moss og Tranby vil miste jobbane sine.

Kutta vil skje gjennom naturleg avgang, omplasseringar av tilsette til andre deler av selskapet og oppseiingar.

Etter det NRK kjennar til vert mange unge råka, sida selskapet bruker ansiennitet i prosessen.

Oljemarknaden får skulda

På grunn av vedvarande lågt aktivitetsnivå i oljeservicemarknaden vel selskapet å kutte tilsette. Dette heng saman med den låge oljeprisen som får fleire oljeselskap til å rekne på kronene.

– Nedgang i oljebransjen er årsaka til nedbemanninga, seier Norges-sjef i Aker Solutions, Per Harald Kongelf.

Aker-sjef

DÅRLEG NYTT: Aker Solutions sjef i Norge, Per Arne Kogelf har kalla inn de tilsette for å gi beskjed om at 500 av dei må gå.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Oljeselskapa reduserer sine investeringar og utset enkeltprosjekt, og dermed har det lenge vore uvisse om arbeidsplassane i bransjen.

Statoil har varsla kutt på fleire tusen tilsette. I alt er det meldt at over 22000 tilsette i oljebransjen mistar jobbane sine. I dag vart det også kjent at i oljeserviceselskapet Wasco i Mo i Tana mister 200 tilsette jobbane sine.

Kuttar også i utlandet

Tidlegare i år varsla selskapet at dei ville kutte 200 stillingar ved subseaavdelinga i Ågotnes, og om lag 300 stillingar innan vedlikehald, modifikasjonar og operasjonar i Norge.

Konsernet sine tilsette på Fornebu i subseadelen av selskapet er innkalla til eit allmøte i dag, skriv E24 som melde nyhenda først tysdag føremiddag. Selskapet opplyser om at det vil kome ei pressemelding seinare i dag.

Aker Solutions har over 16000 tilsette i over 20 land, og om lag 8000 av desse er i subseaavdelingar. Selskapet kuttar 400 tilsette i andre land i subseaavdelingane.

– Vi ser eit behov for endre organisasjonen for å auke effektiviteten i selskapet, seier Alan Brunnen, leiar for subseadrifta i Aker Solutions.

Aker Solutions er mellom anna eid av Kjell Inge Røkke og den norske stat gjennom Aker Holding. Staten vart eigar etter at myndigheitene frykta at Kjell Inge Røkke ville flagge ut drifta for nokre år sidan.

Trist

– Dette er triste nyheiter, men det viser dessverre utviklinga i oljebransjen med fallande oljepris som gjer at aktivitetsnivået der fell, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK.

– Difor er fokuset vårt no på å skape ny aktivitet og nye jobbar, og ikkje minst den langsiktige omstillinga. Dette vil Statsbudsjettet som vert lagt fram til hausten dreie seg om, og det er det vår politikk dreier seg om, seier Solberg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger