Tysdag ringde telefonen til hundeeigar Marie Nerland Karlsen frå Skotten i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Det var eit ukjent italiensk nummer, så ho valde å ikkje ta telefonen.
Det var Romsdals Budstikke som først omtalte saka.
Då fekk ho snart ei melding frå ein italiensk veterinær, som lurte på om ho sakna ein hund.
– Dei hadde lese av ID-chipen, og lurte på om det kunne stemme at eg sakna ein hund, fortel ho når ho møter NRK på Gardermoen.
Ho er på veg til Italia for å hente heim hunden Kompis, som forsvann sporlaust for 19 dagar sidan.
Marie Nerland Karlsen er på veg til Italia for å hente heim hunden sin.
Foto: Benjamin Danielsen / NRKFunnen utanfor Venezia
Kompis var heime i hagen i Hustadvika då han forsvann.
Då familien oppdaga at han var borte, blei hunden meldt sakna. Dei leita etter hunden i ei veke, og la ut annonsar på sosiale medium.
Dei hadde langt på veg gjeve opp håpet då telefonen frå Italia kom tysdag.
– Slik eg forstod det var det eit italiensk par som hadde funne han vandrande rundt i Venezia, og som tok han med til veterinæren.
Ho trur Kompis må ha blitt teken av nokon forbipasserande like etter han forsvann. No vil ho melde hendinga til politiet, sjølv om saka truleg blir lagd bort.
Kva som har skjedd etter at hunden truleg blei teken, synest Karlsen det er vanskeleg å vite noko om.
– Så om han er dumpa i Italia, eller kva som har skjedd, er vanskeleg å seie.
Kompis er eit kjært og populært familiemedlem.
Foto: Marie Nerland Karlsen / Privat/NRKMå i karantene
Då telefonen kom, trudde ho at det ikkje kunne vere sant.
Det første ho gjorde var å sjekke om opplysningane kunne stemme. Men då veterinæren sende henne eit bilde av hunden som var funnen vandrande gatelangs, var ikkje eigaren i tvil lenger.
– Eg grein og blei heilt skjelven. Det var heilt uverkeleg.
Onsdag landa Karlsen på Gardermoen, før ho reiser vidare til Italia torsdag for å hente Kompis heim.
Men det blir kostnadskrevjande prosess å hente hunden heim, så familien har starta ein spleis for å få dekt nokre av utgiftene.
– Vi må vere to døgn i Italia for å få orden på papir og vaksinar. Og så må vi ta han med tilbake til Noreg. Her må han vere i karantene i 21 dagar, før vi får hente han. Det blir ein lang prosess, men det er verdt det, seier Karlsen.