Hopp til innhold

Høybråten ikkje på israelmarkering

KrF-leiar Dagfinn Høybråten deltek ikkje på torsdagens støttemarkering for Israel utanfor Stortinget. – Ikkje dramatisk, meiner organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF).

Dagfinn Høybråten
Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

Parlamentarisk nestleiar i KrF Ingebrigt S. Sørfonn erstattar Høybråten. Også Frp-formann Siv Jensen skal halde appell torsdag.

- Sørfonn er ein av tungvektarane i KrF og er dessutan leiar for Israels venner på Stortinget. Det er ikkje noko nederlag at Høybråten ikkje kan stille, seier styreleiar Morten Fjell Rasmussen i MIFF.

- Blir hjernevaska

Ifølge DagenMagazinet hadde ikkje Høybråten høve til å delta på markeringa til MIFF, Indremisjonsforbundet og Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem.

Medan det internasjonale Røde Kors melder om full humanitær krise på Gazastripa, ønskjer MIFF å vise sin støtte til israelarane.

- Vi vil vise at også menneske i Norge støttar Israel, og få fram korleis palestinske barn vert hjernevaska til å hata israelarane. Den humanitære krisa er uhaldbar, men Israel kan ikkje vente med sanksjonane til Hamas vert større og styrkeforholda jamnare.

Sel mange israelprodukt

MIFF har tru på at fleire møter torsdag og viser til at nettbutikken for israelprodukt har gått bra den siste månaden.

- Vi har hatt ein stor auke i salet på alt frå bøker og DVD-ar til davidsstjerner og smykke.

- Korleis er det å offentleg vise sin stønad til Israel i desse dagar?

- Eg veit om folk som har fått negative tilbakemeldingar når dei går med davidsstjerner. Men dette er ein risiko kva einskild må vurdere sjølv.

AKTUELT NÅ