I tillegg til delt bustad, vil forslaga innehalde felles foreldreansvar, flytting med barnet og sanksjonar ved samværssabotasje.
Målet med endringane som vart lagt fram tysdag, er å styrke foreldreansvaret, styrke borna sitt samvær med begge foreldra og hindre samværssabotasje, opplyser Horne i ei pressemelding.
– Eg foreslår eit felles foreldreansvar som utgangspunkt for alle, også foreldre som ikkje bur saman når barnet vert fødd, seier Horne.
Ombod åtvarar
To forslag om delt bustad vert no sendt ut på høyring. Statsråden vil foreslå som det føretrekte alternativet, at delt bustad vert framheva i lova, ved at dette alternativet vert nemnt først som noko foreldra kan avtale.
Statsråden ønskjer også å høyre om delt bustad skal vere utgangspunktet i lova når begge foreldra har budd saman med barnet, skriv departementet.
Saka held fram etter biletet.
Barneombod Anne Lindboe åtvarar sterkt mot å gjere sokalla delt fast bustad til utgangspunkt i lova.
Foto: Beate Riiser / NRKBarneombod Anne Lindboe åtvarar sterkt mot å gjere sokalla delt fast bustad til utgangspunkt i lova.
– Utgangspunktet må vere det som er det beste for barnet, ikkje likestilling mellom foreldra, seier Lindboe til Dagbladet.
Lindboe meiner forslaget ber preg av å ha eit vaksen-perspektiv.
To forslag om flytting med barn vert også sendt ut på høyring. Regjeringa ønsker å forsterke dagens ordning ved å innføre meklingsplikt ved usemje. Dessutan vil Horne at foreldre med felles foreldreansvar skal vere samde dersom barnet skal flytte med bustadforelder til ein annan stad i landet.
Styrke reaksjonar
For å sikre borna samvær med begge foreldra, vil Horne likestille foreldra som omsorgspersonar.
– Foreldra er likeverdige og likestilte for barnet. Når foreldre oppfattar seg som likestilte i foreldrerolla, vil det senke konfliktnivået til det beste for barnet, seier Horne.
For å kunne reagere sterkare mot samværssabotasje foreslår Horne å gi Statens innkrevjingssentral ansvaret for å krevje inn tvangsbøter etter barnelova.