Hopp til innhold

Homofile kameratar slått ned på gata i Oslo

Christoffer Paulsen og Mats Moe er i sjokk etter at dei natt til torsdag blei slått ned på open gate i Oslo. Det dei gjorde «feil», var å svara ja då ein framand spurde om dei var homofile.

Christoffer Paulsen og Mats Moe

Christoffer Paulsen og Mats Moe vart natt til torsdag offer for uprovosert hatvald fordi dei er homofile.

Foto: Helge Carlsen/NRK

Ein triveleg kveld på byen fekk ein alvorleg slutt for Christoffer Paulsen og Mats Moe då dei natt til torsdag blei utsett for hatvald i sentrum av Oslo.

Bestekameratane var på veg heim etter å ha teke eit par øl. Dei gjekk og prata om «alt og ingenting», då tre menn i 20-åra kom opp på sida av dei i Torggata.

«Hei, er de homsar?» spør den eine av dei tre.

– Me oppfatta det som ein spøk, det var ikkje i ein trugande tone så me svara berre« ja, det stemmer», fortel Paulsen.

Men stemninga gjekk raskt frå spøk til alvor.

Frå klaps til knyttneve

Brått klapsa den ukjende mannen til dei begge to i andletet med open hand. Etter å ha gjenteke spørsmålet sitt og fått ja enda ein gong, tek han fram knyttneven og gir Mats Moe eit hardt slag i kjeven.

– Eg opplevde det som heilt sjukt. Ein tenkjer at slike ting ikkje skjer. Og så skjer det med deg på en onsdag kveld i Oslo sentrum, seier Moe til NRK dagen etter overfallet.

Også kameraten er sjokkert, og har i dag lagt historia ut på Facebook-profilen sin

– Det var så utruleg uprovosert og overraskande. Me gjekk jo berre der og skravla, så blir me slått ned? Den første kjensla som kom var absolutt mest sinne, seier Paulsen.

Først når knyttneveslaget kom, braut kompisane til gjerningsmannen inn og bad han slutta, at det ikkje var verd bryet. I mellomtida ringde Paulsen og Moe politiet. Sjølv om dei raskt kom til staden, var gjerningsmannen forsvunne.

– Oslopolitiet var fantastiske. Dei kom til oss på to minutt og var hjelpsame og varme, seier Paulsen.

25 saker om seksuell hatkriminalitet i fjor

Like hjelpsame var ikkje dei tilfeldig forbipasserande i Torggata. Dei to gode venene synest det er trist at vitna ikkje tok affære, men vel å tru at dei ikkje forstod kva som skjedde.

– Fornærma tok kontakt med oss klokka 03.33 natt til torsdag. Ein politipatrulje søkte etter gjerningsmennene i området, utan hell. Fornærma blei oppfordra til å melda hendinga til oss. Gjer han det, blir det etterforska som hatkriminalitet, seier Ola Krokan, operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, til NRK.

Av 69 hatkriminalitet-relaterte saker som blei melde til politiet i Oslo i fjor, handla 25 om seksuell orientering, ifølgje ein politirapport.

19 av de 25 sakene dreier seg om hendingar i Oslo sentrum, og i heile 20 av sakene var den fornærma ein mann.

«Det kan indikera at fleire homofile menn enn lesbiske kvinner er utsette for hatkriminalitet», heiter det i politirapporten.

Rapporten understrekar også at det kan vera store mørketal for hatkriminalitet.

– Ikkje redde

Paulsen og Moe har planar om å melda hatvalden til politiet.

Dei to kameratane kom begge frå det meir eller mindre fysisk uskadde. Hendinga har ikkje gjort dei redde, men gitt dei ny giv i kampen for homofile sine rettar.

– Det er så ufatteleg trist og heilt bak mål at dette skjer i 2015. Det har gått ein liten jævel i meg som seier at me er ikkje i mål enda. Det som skjedde blei bensin på bålet. Homofile i dag er på ingen måte undertrykte på same måten som me var for 10–15 år sidan, men når slike ting skjer er det tydeleg at samfunnet framleis har ein veg og gå, påpeikar Paulsen.

AKTUELT NÅ