Hopp til innhold

Holme: PST blei halden utanfor

Tidlegare PST-sjef Jørn Holme bad om status for stenging av Grubbegata, men fekk beskjed om at PST ikkje hadde noko med det å gjere.

Janne Kristiansen og Jørn Holme

UTANFOR: Tidlegare PST-sjef Jørn Holme seier PST fekk beskjed om at dei ikkje hadde noko med stenging av Grubbegata. Her saman med Janne Kristiansen under 22. juli-høyringa 12. november.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I si innleiing i 22. juli-høyringa måndag kom Holme inn på at PST i utgangspunktet blei halden utanfor det såkalla sikkerheitsprosjektet som Bondevik 2-regjeringa starta i 2003.

Holme bad om status for stenging av Grubbegata, men fekk beskjed om at dette var noko PST ikkje hadde noko med.

– Difor gjekk det så gale som det gjorde

På spørsmål frå Arbeiderpartiets Martin Kolberg om kven som hadde ansvaret for at PST blei halden utanfor, svarte Holme:

– Vi fekk høyre at dette berre skulle innbefatte politidirektoratet og Forsvaret. Det skapte reaksjonar at ikkje tryggingstenesta var ein medspelar.

Ifølgje Holme var PST lite involvert i sikkerheitsprosjektet då det blei sett i gong, og at alt hemmeligheitskremmeriet fekk store konsekvensar.

– Etter at vi i PST hadde laga trusselvurderinga, vart PST frikopla frå heile prosjektet, seier han.

– Eg trur at noko av årsaka til at det gjekk så gale som det gjekk, var at så få personar skulle kjenne til sikkerheitsprosjektet.

Sikkerheitsprosjektet førte til at det allereie i 2004 blei fatta vedtak om at Grubbegata skulle stengast.

Per-Kristian Foss

FORNUFTSSTRIDIG: Per-Kristian Foss (H) meiner hemmeligheitsstemplinga av sikkerheitsprosjektet var meir en byråkratkonkurranse enn fornuft.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Det skjedde aldri, og terroristen Anders Behring Breivik kunne fritt parkere bombebilen utanfor Regjeringskvartalet fredag ettermiddag 22. juli i fjor.

– Meir konkurranse mellom byråkratar enn fornuft

Per-Kristian Foss er einig med Holme i at det er fornuftsstridig at ein plan om sikring av regjeringskvartalet var så hemmeligheitsstempla som den var.

– Sikkerheitsplanen var så hemmeleg at knapt nok statsråden var klar over den. Dette vitnar om at det har vore meir ein konkurranse mellom byråkratar, meir enn fornuft, seier Foss til NRK.

Var ikkje klar over det

Han meiner det burde vere sjølvsagt at fleire var involvert i sikkerheitsplanen, ikkje minst PST.

– Det er klart at dei som passar på regjeringsmedlemar og har ansvar for tryggleik, burde vere involverte i å sikre regjeringskvartalet, og til og med vere pådrivarar av det, seier Foss.

Var du klar over at PST blei halden utanfor?

– Nei. Ikkje før no.

AKTUELT NÅ