Hopp til innhold

Hoksrud vil ha fleire til å satse på landbruket

– Eg vil halde fram det gode arbeidet Jon Georg Dale har gjort. Ei viktig oppgåve blir å få fleire til å satse på å produsere norsk kvalitetsmat, sa ein audmjuk Bård Hoksrud då han tok over som landbruksminister i ettermiddag.

Bård Hoksrud Frp) er topp motivert for jobben som Landbruks- og matminister.

VIDEO: Bård Hoksrud tek over som landbruksminister.

Partifellen Jon Georg Dale overrekte høgtideleg den gamle stabbursnøkkelen som symboliserer Landbruks- og matdepartementet. Bård Hoksrud lova å halde fram det han karakteriserte som den veldig gode jobben Dale har gjort.

Den ferske ministeren sa han ville bruke mykje tid på å gjere seg kjent med denne viktige næringa, og han vil bruke mykje tid på å møte menneske som har arbeidet sitt der.

Ny statsråd i Landbruksdepartementet, Bård Hoksrud (Frp).

Bård Hoksrud gler seg stort til å ta fatt på oppgåvene som landbruksminister.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Han kom også med lovord om landbruksorganisasjonane, som han meiner har vist seg konstruktive.

– Matminister for alle

Hoksrud lova også å vere ein matminister for alle, og for å ville sjå landbrukspolitikken også frå eit forbrukarperspektiv.

Den motorglade ministeren sa også at han gler seg til å få køyre traktor.

Bård Hoksrud har ein lang karriere bak seg i Framstegspartiet. Den 45 år gamle telemarkingen starta i ungdomspartiet FpU, og han var leiar her i perioden 1999 til 2002. Han vart valt inn til Stortinget første gong i 2005, og sidan vart det attval både i 2009, 2013 og 2017.

Tidlegare var han kommunerepresentant i Bamble og medlem av fylkestinget i Telemark.

Dermed er han ein politisk veteran. Han har vore kjent for sin kraftige kropp og joviale stil, og han har i mange vore ein politikar med sterk støtte på grasrota i Frp. Tidlegare denne månaden fortalde han at han hadde gått ned 25 kilo, så det er ei langt lettare utgåve Bård Hoksrud som i dag får plass ved bordet til kongen.

Bård Hoksrud overtek etter Jon Georg Dale.

Bård Hoksrud (t.h.) overtok stabbursnøkkelen frå avtroppande landbruksminister Jon Georg Dale. Begge representerer Framstegspartiet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Lang politisk erfaring

Bård Hoksrud på vannskuter

Bård Hoksrud på tur med vasskuter.

Foto: Vegard M. Aas / NTB scanpix

Hoksrud er kjent for å vere ein tydeleg politikar, men han er også kjent for også å ha eit godt forhold til politiske motstandar

Han har lang politisk erfaring frå Stortinget, men var i perioden 2013 til 2015 statssekretær i Samferdsledepartementet. Då fekk han mykje av æra for at fleire motorvegstrekningar på Austlandet har fått ei fartsgrense på 110 kilometer i timen.

Telemarkingen har vore ein varm forsvarar av opphevinga av forbodet mot vasskuterar, og han har også kjempa for ei liberalisering av lovene som regulerer bruk av snøskuter i naturen.

Mediestorm

Bård Hoksrud fekk mykje merksemd i norske nyheitsmedium i 2010, då han vart avslørt som i den latviske hovudstaden Riga. Men stormen rundt dette gjekk over, og hendinga ser ikkje ut til å ha gjort han mindre populær.

Det at han no blir utnemnd til ny landbruksminister er også eit teikn på at Bård Hoksrud står sterkt internt i partiet. NRKs politiske kommentator Magnus Takvam meiner han ikkje tilhøyrer nokon av fløyene, men at han er trygt plassert i sentrum av partiet.

AKTUELT NÅ