Hopp til innhold

Høie om munnbindpåbod: Ikkje planar om noko generelt påbod

Helseminister Bent Høie (H) seier det kan bli aktuelt å anbefale bruk av munnbind av tøy.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker RK Grafisk og Grafisk Kompani med munnbindet festet feil

HER GJER HØIE FEIL: På dette bildet frå mai har Bent Høie tatt på seg munnbindet på feil måte. For optimalt smittehindring skal ein klype saman munnbindet over nasen og brette kanten under haka slik at det sit godt.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Fredag klokka 14 kan bruk av munnbind bli anbefalt av Helsedirektoratet.

Smittevernoverlegen ved OUS, Egil Lingaas, sa i dag til NRK at han er uroa for kva eit påbod eller ein anbefaling om bruk av munnbind kan gjere med sjukehusa sin tilgang på munnbind.

Helseminister Bent Høie seier Folkehelseinstituttet jobbar med ei anbefaling for bruk av munnbind i visse situasjonar. For eksempel om bord i kollektivtransport i rushtida.

– Det vil seie at det no ikkje er planar om å innføre eit generelt påbod, seier Høie.

Auka etterspørsel

Helseministeren understrekar at munnbind ikkje kan erstatte andre smittevernråd.

– Det er viktig å seie at eit råd om å bruke munnbind ikkje vil erstatte det viktige tiltaket som er å halde minst ein meter avstand frå kvarandre. Viss vi vil anbefale bruk av munnbind, er det snakk om situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand, seier Høie.

Når NRK spør Bent Høie om han er sikker på at det er nok munnbind til å mette den auka etterspørselen om det blir anbefalt svarer han:

– Det vil vere litt avhengig på kva situasjonar det vert anbefalt å bruke munnbind. Det er og ikkje sikkert at det berre kirurgiske munnbind som ein sel på apoteket som kan bli anbefalt, seier Høie og utdjupar:

– Det kan og bli aktuelt å anbefale munnbind av tøy som ein kan bruke om att og vaske. Kjem det ei anbefaling om munnbind så vil det og bli mykje informasjonsarbeid om riktig bruk og kva type munnbind ein kan bruke, seier han.

Brukte munnbind feil

Om ein skal få maksimal smittehindring ut av eit munnbind er det viktig at ein plasserer munnbindet over nasen, munnen og haka. Ein bør og klype saman munnbindet over nasen og brette kanten slik at det sit godt.

At det ikkje alltid er like lett, kunne helseministeren sjølv erfare i mai då han vart fotografert av NTB Scanpix. No oppmodar han pressa til å bruke bildet som eit eksempel på korleis ein ikkje skal gjere det.

Stor etterspurnad

Etter at Helsedirektoratet varsla nye retningslinjer for munnbind, har apoteka opplevd ein markant auke i etterspørsel. Det har fått prisane på munnbind til å stige kraftig.

Kommunikasjonsrådgjevar Tonje Kinn i Norsk Medisinaldepot, Vitusapotek, hadde følgjande å seie på torsdag:

– Etterspørselen er høg. Salet av munnbind frå juni til juli har auka med 85 prosent. Vi jobbar med eit beredskapslager, og er i dialog med leverandørane. Vi følgjer situasjonen nøye, sa kommunikasjonsrådgjevar Tonje Kinn i Norsk Medisinaldepot, Vitusapotek.

AKTUELT NÅ