Partiformann Carl I. Hagen er nøgd med avgjerda i Høgsterett. (Foto: NRK)
Dei utstøytte politikarane i Framstegspartiet i Oslo har tapt både i namsretten og i lagmannsretten. Kjæremålsutvalet meiner at lagmannsretten har tolka lova rett, og at det ikkje har vore gjort feil under saksbehandlinga.
Formann i Framstegspartiet, Carl I Hagen, er godt nøgd med avgjerda i kjæremålsutvalet. Han ser dette som ei klargjering av at når sentralstyret fortolkar reglane, så er det det som gjeld.
Hagen meiner avgjerda i Høgsterett vil svekkje Danielsen-fløya sin innsats på nominasjonsmøtet for Oslo-partiet i morgon.
Advokat Per Danielsen varslar at det kan bli eit nytt søksmål. (NRK-foto)
Advokat Per Danielsen seier at dei tre utstøytte Frp-medlemene vurderer å gå til nytt søksmål for å få oppheva suspensjonane. Han seier at avgjerda i dag gjeld ei førebels sak med kortare saksbehandling enn vanleg. No opnar dei suspenderte or å få til ordinært sæøksmål, der byretten er første instans.
Per Danielsen meiner kjæremålsutvalet i Høgsterett har gitt dei suspenderte medhald på eit prinsipielt viktig punkt. Han meiner utvalet legg større vekt enn dei andre rettsinstansane på at medlemskap i eit politisk parti er eit rettsforhold, og at vedtak i partiorgana må kunne bringast inn for domstolane.