Hopp til innhold

Terroroffer får medhald i Høgsterett

Dei sju terroroffera som gjekk til sak for å hindra at andre får innsyn i deira politiavhøyr, får medhald i Høgsterett. Det kan føra til at hundre andre offer reserverer seg mot å dela sine 22.juli-avhøyr.

tom

Tom Brunsell var på jobb i Regjeringskvartalet då terroren råka, og er ein av dei sju som gjekk rettens veg for å hindra at hundrevis av bistandsadvokatar får innsyn i hans vitneavhøyr. I dag vann han fram i Høgsterett.

Foto: NRK

Sju personar som var på jobb i Regjeringskvartalet då bomba small, har gått rettens veg for å hindra at andre bistandsadvokatar og terroroffer i saka får innsyn i deira politiavhøyr.

Dei meinte det ville krenkja privatlivet deira om andre fekk tilgang til avhøyra, som inneheld sensitive helseopplysningar og private skildringar om korleis dei har takla den påkjenninga som terroren er og har vore for dei.

Etter nederlag i tingretten fekk offera medhald i lagmannsretten. Men fleire bistandadvokatar fann avgjerda prinsipielt urimeleg, og anka til Høgsterett.

No har den øvste domstolen i landet forkasta anken.

Det betyr at dei sju offera frå Regjeringskvartalet slepp å dela sine vitneavhøyr med alle dei 174 bistandsadvokatane og rundt 800 personane som har status som fornærma eller etterlatne i 22.juli-saka.

Frykta lekkasjar

I ein rettsprosess er det i utgangspunktet vanleg prosedyre at bistandsadvokatar får rett til innsyn i avhøyra til andre fornærma i den same saka.

Bistandsadvokaten til dei sju, Silje Elisabeth Stenvaag meiner likevel at denne saka er så spesiell fordi det er så mange involverte og fordi opplysningane i avhøyra er av svært privat karakter.

– Mine klientar er godt nøgde at det synet me har hatt heile tida får gjenklang i Høgsterett. Det stemmer overeins med rettskjensla vår. Der er rett og rimeleg at ein ikkje unødig skal spreia privat informasjon til mange andre menneske, seier bistandadvokaten til dei sju, Silje Elisabeth Stenvaag.

Ho meiner også det er stor fare for at dei private opplysningane blir spreidde til andre enn bistandsadvokatar og fornærma.

– Me valde også å gå til sak fordi me forstod at opplsyningane ville leka ut til media på eitt eller anna tidspunkt, seier bistandsadvokaten.

bistandsadvokat

Der er rett og rimeleg at ein ikkje unødig skal spreia privat informasjon til mange andre menneske, seier bistandadvokaten til dei sju, Silje Elisabeth Stenvaag.

Foto: NRK

Får konsekvensar for hundre andre

Den ferske avgjerda frå Høgsterett fører også til at om lag hundre andre politiavhøyr må opp til individuell vurdering. Dette gjeld avhøyra til offer frå både Regjeringskvartalet og Utøya, som har sagt dei ønskjer å reservera seg dersom det er mogleg.

Det er opp til politiet å vurdera om dei skal gje innsyn til andre bistandsadvokatar eller ikkje. Kvar og ein av desse hundre politiforklaringane må dermed opp til individuell vurdering.

John Christian Elden

Høgsterett forkasta anken til bistandsadvokat John Christian Elden.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Fleire av bistandsadvokatane reagerte sterkt på at deira klientar ikkje skulle få innsyn i politiforklaringar i saka.

Ein av dei er John Christian Elden, som anka saka til Høgsterett. Han meiner at dommen frå lagmannsretten vil skapa ein presedens som blir vanskeleg å forholda seg til i seinare saker.

– Det blir svært vanskeleg dersom ein i framtida i alle straffesaker skal ha ein situasjon der personar som har vore inne til avhøyr sjølv skal kunne bestemma kven som får innsyn i dokumenta, sa Elden til NRK i februar.

Han karakteriserer likevel dagens avgjerd frå Høgsterett som spanande.

– Sjølv om den ikkje har noko grunngjeving, gjer den at alle som blir kalla inn til avhøyr eller som bistår politiet, kan kreva ei handsaming i retten av om andre skal få innsyn i dokumenta, skriv Elden i ein e-post til NRK.

– Det vil gje nok å gjera for domstolane, og verna privatlivet mot politiet sin rett til å spreia opplysningane utanfor den konkrete straffesaka, legg advokaten til.

– Ikkje opplsyningar av interesse

Dei sju fornærma som gjekk til sak, meiner på si side at deira avhøyrsdokument ikkje inneheld opplysningar som andre utanforståande treng for å fremja saka si eller for å vera ein del av rettsprosessen.

Politiavhøyra inneheld sensitive helseopplysningar, skildringar av korleis dei opplevde bombeeksplosjonen og korleis dei har hatt det fysisk og psykisk etter terroråtaket.

– Dette gjeld eigentleg for alle fornærma i 22.juli-saka. Politi-forklaringane er fullstappa med privat informasjon og eigne opplevingar av den dagen. Det er ingenting der som dei andre bistandsadvokatane treng for å gjera sin jobb, meiner Steenvaag.

NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå John Christian Elden.

Regjeringskvartalet fra taket av R4 - 23. juli kl. 11:16

Slik såg det ut i Regjeringskvartalet dagen etter bombeeksplosjonen.

Foto: KRIPOS / Scanpix

AKTUELT NÅ