Hopp til innhold

Godtek tvangsobservasjon av Breivik

Forsvararane kjem ikkje til å stikka kjeppar i hjula for tvangsobservasjonen av Anders Behring Breivik. I dag fekk dei avslag frå Høgsterett på anken av oppnemninga av nye sakkunnige.

Geir Lippestad

Høgsterett forkastar Anders Behring Breivik sin anke om nye sakkunnige. Forsvarar Geir Lippestad seier dei slår seg til ro med avgjerda, og godtek tvangsobservasjon av Breivik.

Foto: Meek, Tore / Scanpix

Breivik ønskjer ikkje å samarbeida med dei nye sakkunnige rettspsykiatrane, Agnar Aspaas og Terje Tørrissen. Forsvararane til Breivik anka difor tingretten si oppnemning av nye sakkunnige, først til lagmannsretten og deretter til Høgsterett.

Men heller ikkje i Høgsterett får Breivik medhald. Det opplyser den øvste domstolen i ei pressemelding i dag.

Forsvarar Geir Lippestad seier at dei tek avgjerda til etterretning, og at dei ikkje kjem til å gå rettens veg for å få stoppa den kommande tvangsobservasjonen av Breivik.

– Me har heile tida vore usamde med retten om denne oppnemninga. Men om Høgsterett meiner den er riktig, vil me ikkje så tvil om spørsmålet om tvangsobservasjon, seier Lippestad.

Ikkje feil av tingretten

Forsvararane til Breivik anka fordi dei meinte at tingretten ikkje på eige initiativ kunne oppnemna nye sakkunnige før rettssaka hadde starta, når ingen av partane hadde bede om det.

Dei hevda også at Oslo tingrett har lagt graderte psykiatrirapportar til grunn for si oppnemning av nye sakkunnige. Dei viser til rapportar laga av fengselspsykiatar Randi Rosenquist, som etter fleire fortrulege samtalar med Breivik har konkludert med at han ikkje er psykotisk.

Ingen av argumenta førde fram i Høgsterett.

«Domstolene kan (...) altså ikke late som om alminnelig kjent og omdiskutert informasjon ikke finnes», heiter det i avgjerda.

Vil «tenkja annleis»

At Høgsterett avviser Breivik sin anke, tyder at sakkunnig-mandatet til Aspaas og Tørrisen står ved lag. Dermed kan dei halda fram med arbeidet sitt - å finna ut om Breivik var psykotisk i tida rundt 22.juli og følgjeleg strafferettsleg utilrekneleg.

Dei to fekk nyleg grønt lys frå tingretten til å setja i gang ein tvungen observasjon etter Straffeprosesslova §167, ettersom den terrorsikta sjølv nektar å snakka med dei.

Forsvararteamet til Breivik vil no «tenkja annleis» når det gjeld dei nye sakkunnige, opplyser Lippestad, utan å ville forklara nærmare kva han legg i den formuleringa.

– Me må eventuelt snakka med den sikta og ta stilling til korleis han og me skal forholda oss til dei nye sakkunnige, seier han.

Terje Tørrissen og Agnar Aspaas

Dei to nye sakkunnige, Terje Tørrissen og Agnar Aspaas vil tvanginnleggja Breivik for å henta inn informasjon om sinnstilstanden hans.

Foto: Montasje / NRK

Alt klart for tvangsinnlegging

Den 29.november i fjor kom den første og sterkt omstridde rettspsykiatriske rapporten, som erklærer Breivik for paranoid schizofren og strafferettsleg utilrekneleg. Konklusjonen var blant anna basert på 13 samtalar på totalt 36 timar som dei sakkunnige hadde hatt med Breivik.

Breivik har sjølv kalla denne rapporten for «latterleg», og har sete seg på bakbeina for gjennomføringa av ei ny vurdering. Tvangsobservasjonen skal gje dei sakkunnige eit alternativt vurderingsgrunnlag.

Breivik vil følgjeleg bli overvaka 24 timar i døgnet i fire veker av eit spesialisert behandlingsteam, inne i eit avgrensa, improvisert «einmannssjukehus» i Ila fengsel. Det er personell frå Dikemark psykiatriske sjukehus som skal observera Breivik inne i fengselet og rapportera sine funn vidare til dei sakkunnige.

Både fengselet og Dikemark opplyser at dei no er klare til å ta fatt på observasjonen.

– Dikemark er klare på dagen. Når Ila gir beskjed om at observasjonen kan starta, står Dikemark parate med sitt personell, seier pressetalsmann for Dikemark regionale tryggingsavdeling, Pål Hartvig til NRK.

Ila fengsel

Den rettspsykiatriske tvangsobservasjonen av Anders Behring Breivik vil bli gjennomførd inne i Ila fengsel. Det har aldri skjedd før.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Overvaka av ti personar i døgnet

Breivik blir vurdert til å vera for farleg til å kunne flyttast til Dikemark eller andre psykiatriske institusjonar, der slike tvangsobservasjonar normalt sett går føre seg. For første gang i historia skal observasjonen difor skje innanfor fengselsmurane.

På grunn av det spesielle oppdraget, har fengselet utvida høgrisikoavdelinga som Breivik sit på med eitt ekstra rom.

I løpet av eitt døgn vil ti fagpersonar frå Dikemark følgja Breivik med spesialtrente auge på einmannssjukehuset på Ila. I turnusen inngår det to dagskift på fire personar. Om natta vil to personar vera på vakt.

Ballspel, måling, handarbeid og brettspel er døme på vanlege aktivitetar under ein tvangsobservasjon.

I det improviserte observasjonslokalet i fengselet er det lagt til rette for diverse aktivitetar og samhandling mellom Breivik og observatørane. Målet er å skapa omstende som er tilnærma like dei på Dikemark.

Korkje Ila fengsel eller Dikemark vil uttala seg om kva for nokre aktivitetsformer Breivik vil få tilgang til under observasjonen

– Me har lagt til rette for det Dikemark har bede om, seier fengselsdirektør Knut Bjarkeid.

Overfallsalarmar og videovervaking

Ifølgje Bjarkeid er det sett av meir enn nok fengselspersonell til å ta vare på tryggleiken til Dikemark-teamet. Einskilde tryggingstiltak vil vera synlege for Breivik, andre ikkje.

Fagpersonane vil ha på seg overfallsalarmar medan dei er i same rom som Breivik. Observasjonsrommet blir videoovervaka, og fengselsvaktar skal til eikvar tid stå parate til å rykkja inn dersom det skulle oppstå ein farleg situasjon.

Journalnotatane og miljørapportane til observatørane vil, i tillegg til politidokument og den første rettspsykiatriske rapporten, leggja grunnlaget for dei nye sakkunnige si vurdering av den mentale helsa til Breivik.

Aspaas og Tørrissen har frist til 10.april med å levera sin rettspsykiatriske rapport.

AKTUELT NÅ