Hopp til innhold

Høgre: Noreg bør ta 12 milliardar frå bistand til klima

Det er programkomiteen til Høgre som meiner at 12 milliardar frå bistandsbudsjettet bør brukast på klima. Det vil i så fall vere ei dobling av klimatiltaka over bistandsbudsjettet.

Linda Hofstad Helleland, leder av programkomiteen for Høyre.

Linda Hofstad Helleland, leiar av programkomiteen for Høgre vil bruke meir bistandsmiddel på klima.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Etter sju år i regjering skal Høgre finne løysingar som framleis kan sikre regjeringsmakt. Klima er eit av fire hovudsatsingsområde til partiet.

– Klimaendringane er dei største problema verda står overfor. Høge temperaturar, ekstremvêr og svekte økosystem set sjølve livsgrunnlaget vårt på spel. Det truar den framtidige velferda vår og vekst, sa statsminister Erna Solberg på Høgres landskonferanse søndag.

Statsminister Erna Solberg, 12.januar 2020

Statsminister Erna Solberg talte om klimatiltak på landskonferansen til Høgre søndag.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Doble nivået

Det er Høgres programkomite som jobbar med å konkretisere fleire bistandsmilliardar til klimatiltak.

– Eg ser for meg at vi kan doble nivået på bistand til klimatiltak frå det vi har i dag, seier leiar for programkomiteen i Høgre, Linda Hofstad Helleland.

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein i KrF rår over 40 milliardar bistandskroner kvart år. Han er forbeholden positiv til å bruke meir pengar på klima, og meiner ideen er god.

– Det som er viktig er klimatilpasning og førebygge naturkatastrofar, seier Dag-Inge Ulstein.

Han synest ideen er god og blir glad over at det er fleire som vil gjere meir for klima.

– Menneske er allereie er ramma i dag, folk som døyr på grunn av klimaendringane og folk blir drivne på flukt på grunn av klimaendringane. Folk blir drivne inn i ekstrem fattigdom på grunn av dei same klimaendringane. Så eg blir utruleg glad når eg høyrer at det er fleire som vil gjere meir, seier han.

Utviklingsmininster (Krf), Dag-Inge Ulstein,

Utviklingsminister (KrF), Dag-Inge Ulstein, meiner meir på klima er ei god sak, men at det ikkje må gå på bekostning av allereie gode tiltak til verdas fattige.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Men han er òg veldig opptatt av at det ikkje skal gå på bekostning av allereie gode tiltak for verdas fattige.

Best mogleg bistand for pengane

Høgre meiner det er nødvendig med ein grundig gjennomgang, som også kan bidra til å nå klimamåla.

– Vi meiner det er nødvendig med ein grundig gjennomgang av korleis vi får best mogleg bistand for dei pengane. Rein energi er med på å løfte folk i utviklingsland, men det er òg med på og no dei felles klimamåla våre, seier Hofstad Helleland (H).

Ho ønsker Noreg skal bidra til at flest mogleg land kan no klimaforpliktinga i Parisavtalen.

Les òg: Erna Solberg: – Sylvi Listhaug er ingen klimafornekter

Les òg: Klimatoppmøtet kom ikke i mål: Solberg skuffet

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger