Høgre: – Ikkje behov for å setje Frp på plass

Høgre var ikkje i tvil om at Framstegspartiet skulle stille seg bak flypassasjeravgifta, trass i at fleire frå partiet har uttrykt ønske om omkamp.

Politisk kvarter om flyseteavgift. Med i debatten var Svein Flåtten (H), stortingsrepresentant, Magnus Takvam, politisk kommentator NRK, Sveinung Rotevatn (V), stortingsrepresentant og Truls Wickholm (Ap), stortingsrepresentant

SJÅ VIDEO: Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet diskuterte den omstridde flypassasjeravgifta i Politisk kvarter.

Framstegspartiet står bak regjeringa sitt forslag om flypassasjeravgift. Det klargjorde partiet sin finanspolitisk talsperson Hans Andreas Limi i går kveld.

Det skapte stor uro då fleire i partiet si stortingsgruppe onsdag uttalte at dei ønskte omkamp i forhandlingane om avgifta.

– Eg var ikkje i tvil om at Framstegspartiet kom til å stå inne for avgifta, seier Høgres finanspolitiske talsmann Svein Flåtten.

Behov for presisering

Flåtten meiner det er svært uheldig når det vert uklart kva som er temaa i eit forhandlingsrom.

– Det er ikkje tvil om at det var behov for ei presisering, seier Flåtten.

Svein Flåtten

Svein Flåtten frå Høgre meiner det var rett av Framstegspartiet å presisere kvar dei står i saka om flypassasjeravgifta.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Kravde Høgre frå Frp at dei klargjorde kva dei meinte?

– Det trur eg Framstegspartiet såg sjølve, ikkje minst fordi det var deira eigen finansminister som la fram det reviderte budsjettet som vi skulle forhandle på, så det trur eg var ei utvikling som kom ganske raskt.

Så det kom ingen krav frå Høgre?

– Det gjorde det ikkje, slår Flåtten fast.

Vil ikkje la Ryanair styre politikken

Venstres Sveinung Rotevatn.

Sveinung Rotevatn frå Venstre meiner Arbeidarpartiet ikkje bør la seg presse av Ryanair.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Både Kristeleg Folkeparti og Venstre støttar avgifta. Arbeidarpartiet er i mot, og Venstre skuldar dei for å la Ryanair diktere norsk avgiftspolitikk.

– Det kan ikkje vere sånn at det er Ryanair som skal bestemme tempoet i det grøne skiftet, seier stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn.

Truls Wickholm, representant i finanskomiteen for Arbeidarpartiet, avviser kritikken om at dei lar seg presse av Ryanairs truslar om å legge ned.

– Arbeidarpartiet er snart det einaste partiet som ikkje har skifta meining. Det ville vere pussig om vi skal vere for no, berre fordi Ryanair er i mot, seier Wickholm.

– Må tole eit grønt skifte

Stortingsrepresentant Truls Wickholm (Ap).

Arbeidarpartiet vil ikkje innføre ei avgift som ikkje er ei miljøavgift, seier Truls Wickholm.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Landsmøtet til Arbeidarpartiet gjekk inn for ei flyavgift etter tysk modell, som er meir omfattande enn den flypassasjeravgifta regjeringa og støttepartia vil innføre.

Wickholm understrekar at dei vil sjå nærare på konsekvensane.

– Vi ønskjer ikkje å innføre ei avgift som i realiteten ikkje er ei klimaavgift. Det gjer det vanskelegare å få innført dei avgiftene som faktisk er klimaavgifter, seier Wickholm.

Det er oppsiktsvekkjande at Arbeidarpartiet ikkje kan stille seg bak den avgifta som no vert innført, meiner Rotevatn.

– Det er ein viktig forskjell, og det er at avgifta er endå høgare på utanlandstrafikk. Korleis det skal hjelpe Rygge er vanskeleg å forstå, seier Rotevatn.

– Dette handlar ikkje om Rygge, men om at vi ikkje vil innføre dårleg miljøpolitikk, svarar Wickholm.

Rotevatn peikar på at det grøne skiftet står for døra, anten ein ønskjer det eller ikkje.

– Dersom ein har ein forretningsmodell som ikkje toler det grøne skiftet, då har du ikkje ein berekraftig modell, seier Rotevatn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger