Hopp til innhold

Høgre kuttar formueskatten langt meir enn Frp

Det er Framstegspartiet som har gått høgst på bana med å kutte i formueskatten. Likevel kuttar Høgre tre gonger meir enn Frp, i sitt alternative statsbudsjett.

jensensolberg

Partileiarane i Framstegspartiet og Høgre, Siv Jensen og Erna Solberg.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

Framstegspartiet har lova raske kutt i den sokalla «rikmannsskatten». Men i sitt alternative budsjettet, som viser deira prioriteringar, er endringa lita.

– Me har ei moderat endring i formueskatten der me aukar innslagspunktet til ein million kroner. Det tyder at med vårt opplegg hadde kring 100.000 færre nordmenn betalt formuesskatt, seier finanspolitisk talsperson i Frp, Ketil Solvik-Olsen.

Høgre har vore meir forsiktige med sine løfter, men no kuttar dei meir enn tre gonger så mykje i formueskatten enn Frp.

Stortingsrepresentant Gunnar Gundersen

Gunnar Gundersen, skattepolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Knut Falch / Scanpix
Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen, finamspolitisk talsperson i Framstegspartiet.

Foto: Per Onsheim / NRK

– Me hevar minstefrådraget og senkar skattesatsen frå 1,1 til 1 prosent. Og me innfører ein aksjerabatt på 10 prosent, seier skattepolitisk talsperson i Høgre, Gunnar Gundersen.

Det tyder at aksjar blir verdsette 10 prosent mindre enn marknadsverdi når staten skal gjere skatteutrekningar.

Fem år til mål

Høgre kuttar nær tre milliardar. Frp kuttar nær 1 milliard.

Om ein legg til grunn Høgre sitt budsjett kjem det til å ta fem år å fjerne formueskatten. Med Frp sitt framlegg kjem det til å ta meir tid.

– Legg ein til grunn at ein skal fjerne ein milliard kroner i året, så kjem det til å ta 15 år, seier Solvik-Olsen.

Frp står likevel fast ved løftet om at dei vil fjerne formueskatten raskt. Dei berre ventar litt med dei store kutta.

– Me kjem aldri til å kome i mål med å fjerne formueskatten om me legg Frp sitt opplegg til grunn, seier Gundersen.

Forhandlingar

I år har dei vald å prioritere kutt i inntektsskatten, seier Ketil Solvik Olsen.

Men det er viktig å vise kva ein faktisk ønskjer å gjere, meiner Høgre.

– Eit alternativt statsbudsjett skal jo vise kva du ville ha gjort om du sat i regjering, og me legg vekt på at det er samsvar mellom det og kva me vil gjere når me kjem i regjering, seier Gundersen.

Han er likevel ikkje så oppteken av kva Frp har føre seg på detaljnivå i sitt budsjett, og seier dei får gå i forhandlingar seinare om takten i å fjerne formueskatten.

– Då trur eg dei må vere veldig forhandlingsviljuge med oss, fordi ein kjem ikkje i mål ved å berre heva botnfrådraget, seier Gundersen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger