Hopp til innhold

Høgre ventar med datalagringsvedtak

Unge Høgre reagerer på at moderpartiet vil vente med å ta stilling til det omstridde datalagringsdirektivet.

Arbeiderpartiet er avhengige av Høgre for å få vedteke direktivet som opnar for lagring av elektronisk informasjon.

Men Høgre har no sendt saka på høyring til lokallaga, som skal melde tilbake nærare sommaren.

Unge Høgre meiner det er viktig at eit vedtak blir gjort allereie på lands­møtet i mai. Då rekk partiet å vedta noko før dei skal svare regjeringa.

AKTUELT NÅ