NRK Meny
Normal

Stengjer Tonning Riise ute frå landsmøtet

Kristian Tonning Riise har brote Høgres etiske retningslinjer. Han held fram som stortingsrepresentant, men får ingen sentrale roller og får ikkje delta på partiarrangement.

kristian Tonning Riise

UTESTENGD: Stortingsrepresentant og tidlegare Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise (H) får ikkje delta på landsmøtet til partiet i 2018. Bilete er eit arkivfoto frå landsmøtet til Høgre i 2017.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

På same dag som stortingsrepresentant Kristian Tonning Riise (H) har sin første arbeidsdag tilbake på Stortinget, har partiet konkludert med at han har brote partiet sine etiske retningslinjer.

Ifølgje partiet er det snakk om gjentatte brot på partiet sine retningslinjer om seksuell trakassering, alkoholbruk og framferd overfor medlemmar.

– Vår konklusjon etter samtalar med både Tonning Riise og varslarane er at han har brote Høgres etiske retningslinjer, og vi reknar tillitsforholdet mellom partiet og Tonning Riise som vesentleg svekka, seier John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre.

Lar han ikkje delta på partiets landsmøte

Tonning Riise har framleis verv som stortingsrepresentant frå Hedmark.

– Dette er eit verv som han både har rett og plikt til å følgje opp. Utover det som er nødvendig for utførelsen av Stortingsvervet, vil hans deltaking i partiarrangement bli avgrensa, seier Aarset.

Dette betyr at Tonning Riise over ei lengre tid blir utestengd frå partiet sitt landsmøte, ikkje får delta på nokre Unge Høgre arrangement, og vil heller ikkje få særskilde verv og talspersonsroller i Høgre si stortingsgruppe resten av denne stortingsperioden.

Aarset begrunnar dette med hensyn til varslarane.

– Men han er jo ein folkevalt?

– Han skal gjere jobben sin som stortingsrepresentant, men kjem ikkje til å ha særskilde roller ut over det, seier Aarset.

Ifølgje Aarset har Tonning Riise gått med på reaksjonane mot han.

– Har eksklusjon vore eit alternativ de har vurdert?

– Nei. Det har handla mest om å konkludere i sakene og leggje rammer for det arbeidet han skal gjere framover.

John Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre

Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset, om Tonning Riise.

Har handtert 11 varsel mot han

Tonning Riise trakk seg som leiar for Unge Høgre 10. januar i år. Som betyr at han ikkje lenger har plass i Høgres arbeidsutval og sentralstyre.

Høgre har handtert 11 varsel mot han, og seier dei har konkludert med brot i dei fleste av sakene. Partiet har også andre varsel inne retta mot andre partimedlemmar, totalt 25 varslar i januar.

– Vi har brukt mykje tid på å følgje opp varslarane for å høyre deira historier og sørgje for at dei som har ynskja det har fått tilbod om psykolog og juridisk bistand, seier Aarset.

Han legg til at Tonning Riise har fått innsyn varsla og har hatt fleire møter med anledning til å kome med sin versjon av sakene.

– Dei alvorlege tillitsbrota som har skjedd, er vanskeleg foreneleg med den tilliten som det er krav til for å få renominasjon til folkevalde verv for Høgre. Likevel er det dei lokale nominasjonsprosessane og det lokale partidemokratiet som avgjer kven som nominerast og ikkje.

– Kan tilliten byggjast opp igjen?

Det må vere han si oppgåve å ta tak i det, noko eg har inntrykk av at han vil. Men det er eit alvorleg tillitsbrot som har funne stad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger