Høgre mister makta i dei store byane

Draumen til Høgre-leiar Erna Solberg er knust: Det blir raudgrønt styre i dei største byane i Noreg.

Erna Solberg valgkamp kick-off

F.v. statsminister Erna Solberg og byrådskandidat Harald Victor Hove var optimistiske under valkampstarten i Bergen i august.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Høgre vil sitte att utan ordførarkjede i nokon av dei sju største byane i Noreg etter kommunevalet.

Arbeidarpartiet har gjort eit elendig val, men dei raudgrøne overtek likevel makta i Kristiansand, Stavanger og Drammen, og held på makta i Tromsø, Oslo og Trondheim.

Det er langt unna målet til statsminister Erna Solberg om at annankvar nordmann skal bu i ein Høgre-styrt kommune etter valet.

– Då er dei fire største byane i Noreg, i kvar sin region, viktige for å nå den målsettinga, sa Erna Solberg for eit år sidan.

No er status slik:

Her mister Høgre makta

Kristiansand: Dei raudgrøne overtek etter dei ikkje-sosialistiske partia i den nye storkommunen. Fredag skal partia godkjenne avtalen som gjer det klart om Ap får ordføraren for første gang sidan 1946, støtta av MDG, SV, Sp, Raudt og Folkelista.

Stavanger: Årevis med ikkje-sosialistisk styre er over, og tysdag starta Ap, SV, MDG, Raudt, FNB og Sp forhandlingar om politiske verv og ei felles plattform. KrF kan også komme til å bli med i samarbeidet, skriv Stavanger Aftenblad.

Drammen: Høgre mister ordførarkjeda til Ap når tre kommunar blir til Nye Drammen ved årsskiftet, skriv Fremtiden. Ap skal samarbeide med MDG, Sp, SV og Venstre.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon

Her held dei raudgrøne på makta

Oslo: Høgre har prøvd å lokke MDG over på borgarleg side i hovudstaden, men fredag skal det sittande mindretalsbyrådet Ap, MDG, SV starte forhandlingar om ei ny byrådsplattform. MDG skal vere interesserte i å skifte ut støttepartiet Raudt med Venstre, noko LO og fagrørsla ikkje er positivt innstilt til grunna arbeidslivspolitikken til Venstre.

Trondheim: I nye Trondheim kommune er det inga sjanse for Høgre å få makta, sjølv om Ap gjekk kraftig tilbake i valet. Storkoalisjonen med Ap, KrF, Sp, MDG og SV held fram.

Tromsø: Her er Raudt ute av varmen, og raudgrøne partia Ap, SV, Sp og MDG sat torsdag i lag for å lage ei felles politisk plattform.

Heimbyen til statsministeren

Bergen: Ap, V og KrF har styrt dei siste fire åra, men må etter valet ha fleire på laget. Fredag blei det klart at dei er einige om å forhandle om eit byråd som inkluderer MDG og SV. Dei fem partia har ikkje fleirtal, men treng ikkje det for å danne byråd.

Dersom dei dannar byråd, kan dei hente støtte frå Raudt eller Sp frå sak til sak. KrF er skeptisk til formelle samarbeidsavtalar med Raudt, mens Sp har gått ut av byrådssonderingane fordi dei nektar å la bybana gå over Bryggen.

Det har gitt eit ørlite håp til Høgre om å få Sp og KrF over på borgarleg side. Samstundes har Sp langt på veg utelukka byrådssamarbeid med høgresida. Særleg sit det langt inne for partiet å samarbeide med Frp. KrF har som primærstandpunkt å legge bybanen over Bryggen, noko høgresida ikkje vil.

Søndag tok likevel statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg og byrådskandidat Harald Victor Hove seg god tid då dei vitja gudstenesta i pinsekyrkja Salt – for å lokke KrF over på borgarleg side i Bergen, skriv Dagen.

– Ikkje eit så godt val som me skulle ønskje

– Me synest sjølvsagt det er veldig trist å ikkje kunne påverke tilbodet til befolkninga i dei største byane i Noreg, seier helseminister og andre nestleiar i Høgre, Bent Høie.

Årsaka til at partiet ikkje har klart å kapre nokon av ordførarane i dei store byane trur han er delt.

Bent Høie

Helseminister og andre nestleiar i Høgre, Bent Høie.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– For det første så gjorde me ikkje eit så godt val som me skulle ønskje. Også er det ein del kommunar som Oslo og Bergen der Høgre blei største parti, men så er det likevel sånn at andre parti har etablert samarbeid som gjer at ikkje Høgre kjem til makta.

– Nå blant anna så har jo MDG og Sp gjort eit godt val, og systematisk i desse byane valt å samarbeide med Arbeidarpartiet, seier han.

Tilbakeslag for partiet

– Høgres tap av maktposisjonar i dei store byane er eit alvorleg tilbakeslag for partiet. Medan Arbeidarpartiet er det partiet som i prosent har gått mest tilbake samanlikne med 2015, trøyster Jonas Gahr Støre seg med at partiet både held på, og erobrar nye maktposisjonar i byane, seier politisk kommentator Magnus Takvam i NRK.

Han meiner hovedårsaken til at makta glipp for Høgre er at deira samarbeidsparti Frp gjer det svært dårleg i dei store byane, mens partia som Arbeidarpartiet samarbeider med har stor framsteg.

– I tillegg til at makta glipp i byane, viser dette kommunevalet at Høgre må få til ein stor snuoperasjon viss Erna Solberg skal ha utsikter til å bli attvalt i 2021. Både fordi Høgre sjølv og samarbeidspartnarane slit med oppslutning, og fordi samhaldet mellom dei to sentrumspartiane Venstre, KrF og Frp er krevjande.

SISTE NYTT

Siste meldinger