Hopp til innhold

Fjernar «rettferdig» frå innvandringspolitikken

Høgre vil fjerne ordet «rettferdig» når dei skal beskrive sin asyl- og innvandringspolitikk. Og dei vil gjere det langt vanskelegare å få opphald i Noreg.

Høyres programkomité presenterer førsteutkastet til stortingsvalgprogram for 2021-2025

Henrik Asheim, nestleiar i programkomiteen vil ha strengare innvandringspolitikk enn i dag.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I Høgre sitt partiprogram denne perioden står det at partiet vil føre ein «streng, rettferdig og forutsigbar» asylpolitikk. Då programkomiteen la fram forslag til nytt program i dag har dei fjerna eit ord, nemleg rettferdig. No foreslår dei at dei tre signalorda skal vere «streng, forutsigbar og berekraftig». Dei vil altså fjerne ordet «rettferdig» og erstatte det med «berekraftig».

– Kvifor fjernar de ordet rettferdig, når de skal beskrive asylpolitikken?

– Det er fordi vi meiner at streng, forutsigbar og berekraftig asylpolitikk er det mest rettferdige. Det er viktig at vi behandlar alle mest mogleg likt, seier nestleiar i programkomiteen Henrik Asheim.

– Skal den framleis vere rettferdig?

– Ja, vi meiner den framleis skal vere rettferdig.

– Kvifor tek de då bort ordet rettferdig?

– Fordi vi meiner at streng, forutsigbar og berekraftig er meir dekkande for det vi meiner.

Høyres programkomité presenterer førsteutkastet til stortingsvalgprogram for 2021-2025

Linda Hofstad Helleland er leiar i programkomiteen. Henrik Asheim er nestleiar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Vanskelegare å få opphald

Programkomiteen vil også gjere det vanskelegare å få permanent opphaldsløyve i Noreg.

– Kvifor vil de gjere det vanskelegare å få permanent opphaldsløyve?

– Det skal henge høgt å få permanent opphaldsløyve i Noreg. Dei som skal bli her skal vere i stand til å forsørgje seg sjølv og ta vare på seg sjølv. Vi ønskjer at det skal vere strengare enn i dag.

– Prøvar de å demme opp for Frp?

– Nei, dette trur eg er i tråd med det Høgre har meint lenge, og er basert på det, seier Asheim.

Ingen handlingsregel for innvandring

Torbjørn Røe Isaksen leia eit utval i Høgre som skulle gå gjennom innvandringspolitikken. Utvalet foreslo, som Aftenposten omtala, å lage ein handlingsregel for å sikre at talet på flyktningar som får kome til Noreg ikkje blir styrt av internasjonale kriser, men at Stortinget kunne sette eit tal på kor mange som kan kome. Dette forslaget blei vraka av programkomiteen.

– Om berre verda var så enkel at me kunne sette eit tak. Me må tilpasse politikken til den verda me lever i. Det er betre å ha forutsigbare reglar, slik me legg opp til no, seier Asheim.

Saker som splittar

Det er også ei rekke saker der programkomiteen ikkje klarte bli samde.

Det 72 sider lange programutkastet blei presentert på ei pressekonferanse i Oslo måndag formiddag. Programutkastet blir no sendt ut på høyring i partiet og det blir opp til Høgre sitt landsmøte i mars å ta ei endeleg avgjersle då.

AKTUELT NÅ