Ho såg truleg mannen som skaut William Nygaard

Tonje Westgård var eit sentralt vitne for politiet i etterforskinga av drapsforsøket på William Nygaard for 25 år sidan. No fortel ho for første gong offentleg kva ho såg den gongen.

Mannen Tonje Westgård såg i 1993 kom springande ned skråninga på naboeigedommen. Ho seier mannen såg utanlandsk ut, og at han hadde på seg ei mørkegrøn eller svart regnjakke med hette.

Mannen Tonje Westgård såg i 1993 kom springande ned skråninga på naboeigedommen. Ho seier mannen såg utanlandsk ut, og at han hadde på seg ei mørkegrøn eller svart regnjakke med hette.

Då forlagssjef William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin 11. oktober 1993, sat den gong 17 år gamle Tonje Westgård på rommet sitt i Dagaliveien. Ho var praktikant hos leigebuaren til Nygaard i nabooppgangen i det vertikaldelte huset.

Ho høyrde tre smell. Det klirra i glas og bileta på veggane dirra. Westgård trudde det var nokon som dreiv med sprengingsarbeid, og sprang inn på barnerommet for å sjekke.

Tonje Vestgård

Tonje Westgård hadde blikkontakt med mannen som truleg skaut William Nygaard i 1993. Men det gjekk fleire veker før ho fortalde politiet kva ho såg.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Frå vindauget såg ho ein mann kome springane ned skråninga på naboeigedommen, og hoppe over gjerdet.

– Han stoppa rett utanfor her, og såg seg rundt til høgre og venstre. I nokre få sekund såg han også opp på meg, før han gjekk mot vegen, fortel ho til NRK.

Ho koplar ikkje mannen til smella ho nettopp har høyrt. Det skjer først nokre timar seinare.

Tonje Vestgård i Dagaliveien

Mannen stoppa opp utanfor inngangen der Westgård budde. Han såg seg rundt, og i nokre få sekund hadde ho blikkontakt med han frå vindauget over inngangen.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Blei redd då ho forstod

Etter at ho hadde levert eit barn i barnehagen, ser ho at det er mange politifolk utanfor huset der ho bor. Ho får vite kva som har skjedd. Og no forstår ho kven ho har sett. Politiet gjer eit kort avhøyr med henne. Men ho seier at ho ikkje har høyrt eller sett noko.

Nygaard-fantombilde

Politiet laga denne fantomteikninga av mannen Tonje Westgård såg rett etter at ho høyrde tre smell i Dagaliveien i 1993. Etter det NRK forstår skal denne teikninga vere ein del av grunnlaget for siktinga som no er teken ut.

Foto: Politiet / Scanpix

– Eg fekk panikk. Han hadde sett meg, og eg visste ikkje kvar han var. Eg blei redd for mitt eige liv då eg forstod kva som hadde skjedd og kven eg hadde sett.

I vekene etterpå har ho dårleg samvit fordi ho holdt sanninga skjult for politiet. Det er først når politiet nokre veker seinare skal rekonstruere det som skjedde, ho fortel kva ho faktisk har sett.

– Eg prøvde i det lengste å halde sanninga skjult. Men då eg måtte tilbake for å bli med på rekonstruksjonen, klarte eg ikkje å halde det for meg sjølv lenger. Eg kjende meg letta etter at eg hadde fortalt kva eg hadde sett.

Vitnemålet hennar gjorde at politiet kunne gå ut med ei teikning av han dei meinte måtte vere gjerningsmannen. Ho er den einaste som har sett han politiet meiner er gjerningspersonen. Etter det NRK forstår er denne teikninga ein del av grunnlaget for siktinga politiet no har teke ut.

Håper på oppklaring

Tonje Westgård synest det er rart å vere tilbake i Dagaliveien, så mange år etter det som skjedde. Ho seier det er både litt rart og vondt, når ho tenker på kva som skjedde her ein oktobermorgon i 1993.

Dagaliveien 22

Tonje Westgård var praktikant i den delen av tomannsbustaden i Dagaliveien 22 med den blå døra. Mannen ho såg i 1993 stoppa opp utanfor inngangsdøra. William Nygaard blei skoten om lag der bilen står lengst borte på biletet.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Samtidig er ho glad for at politiet no har sikta personar dei meiner kan ha stått bak drapsforsøket.

– Eg blei først veldig overraska då meldinga om at nokon var sikta kom. Men eg håper det blir ei oppklaring av saka, slik at vi kan gå vidare. Eg tenker at det er viktig også for han som blei skoten, slik at han kan få vite kven som gjorde det og kvifor det skjedde.

Samtidig er ho litt redd for kva som kan skje dersom dei ansvarlege blir stilt for retten.

– Dersom det skjer, betyr det at eg kanskje må vitne. Eg kjenner at det er litt ubehageleg etter så mange år.

Torsdag er det 25 år sidan skota mot William Nygaard. Då kunne saka ha blitt forelda om politiet ikkje hadde teke ut siktingar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger