Hopp til innhold

Hjelp å få til nett-sletting

No blir det bli hjelp å få til dei som kjenner seg krenkte av personlege opplysningar eller bilete som ligg ute på Internett.

Ole Martin Knudsen (t.v.) og Lars-Henrik Paarup Michelsen.

Ole Martin Knudsen (t.v.) og Lars-Henrik Paarup Michelsen skal drifte den nye nettenesta.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Datatilsynet startar i dag ei teneste for menneske som kjenner seg uthengde på Internett.

Klokka 12 i dag går starstkotet for den nye nettsatsinga, Slettmeg.no.

- Det er først og fremst tenkt som ei rådgjevingsteneste for dei som kjenner seg krenkte på nettet. Det kan vere bilete, feil personinformasjon, falske profilar og sjikane, seier Lars-Henrik Paarup Michelsen og Ole Morten Knudsen, dei to som skal drifte den nye nettstaden.

LES OGSÅ: Tenåringer strør rundt seg med passord

Rådgjeving

Her blir det hjelp å få

Her blir det hjelp å få.

Foto: NRK

Det heile blir blåst i gang med ein pressekonferanse i føremiddag, der blant andre direktør i Datatilsynet Georg Apenes og statsråd Rigmor Aaserud er til stades.

Den nye nettsida er først og fremst meint som rådgjeving til dei som vil ha fjerna noko frå nettet. Her vil dei finne oversikt over kven ein skal vende seg til, rett og slett dei praktiske råda ein treng for å få fjerna informasjon ein ikkje vil ha der.

- Dette er den første gratis tenesta av denne typen. I USA er det fleire private firma som driv med liknande rådgjeving, men så vidt vi veit er vi dei første med ei teneste vi ikkje tek betalt for, seier Ole Morten Knudsen.

Det er først og fremst det såkalla redaktørlause Internett-universet som er problemet. Aviser og andre nyheitsmedium har ein ansvarleg ein kan vende seg til når ein kjenner seg krenkt, så enkelt er det ikkje på andre stader som til dømes bloggar.

Mogleg å nå fram

- Men det viser seg at det i dei aller fleste tilfella er mogleg å nå fram. Men det er ikkje altid like lett å finne fram til rett person, men det skal Slettmeg.no hjelpe folk med, seier Ole Morten Knudsen.

Han har media-utdanning, medan kollega Lars-Henrik Paarup Michelsen er samfunnsvitar.

Bakgrunnen for at dette tilbodet no er oppe og står er at det var eitt av forslaga frå Personvernkonvensjonen. Dåverande fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys sette i gang arbeidet.

Eitt år seinare det er nettstaden altså klar til bruk, og dei to som skal drifte teneseta er svært spente på kva type problemstillingar som vil dukke opp.

Framveksten av sosiale medium har vore enorm i Noreg dei siste åra. I dag er 66 prosent av alle mellom 15 og 75 år her i landet på sosiale medium, og det er over to millionar menneske. I 2008 var talet 53 prosent.

Det er ikkje alltid like lett å finne sletteknappen når ein vil fjerne informasjon.

- Slettmeg.no vil gi informasjon om dette. Og skulle dei likevel ikkje nå fram, så kan vi gå vidare med saka, seier Ole Morten Knudsen.

Stadig fleire vaksne

Dei trur ikkje at det først og fremst ungdom som kjem til å nytte seg av tilbodet. Med tanke på den sterke veksten av godt vaksje som brukar Facebook og andre sisiale nettmedium, kan det godt vere denne gruppa som vil dominere.

Slettmeg.no er først og fremst ei nett-teneste, men folk kan også få help på telefon.

Dei to har oppdaga at svært mange er opptekne personvern på Internett, og dei reknar med at det etter kvart vil dukke opp stadig nye problemstillingar.

Det viktigaste rådet er, seier dei, er å vere kritisk til kva ein godtek og takkar ja til på nettet.

Lars-Henrik Paarup Michelsen viser fram den nye nettsida.

Lars-Henrik Paarup Michelsen viser fram den nye nettsida.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

AKTUELT NÅ