Hopp til innhold

Historikar bad om opplysningar om arvejuvelane: – Privat, svarte kongefamilien

Fleire europeiske kongehus har bidrege velvillig til historikar Trond Norén Isaksens bok om Ingrid Alexandras smykkearv. Men den norske kongefamilien vil ikkje fortelja om juvelane sine.

Prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag feires med gallamiddag på slottet

JUVELARVING: Skål, sa prinsesse Ingrid Alexandra på sin første gallafest. På hovudet bar ho eit perlediadem som har gått i arv frå fleire kvinner i kongeslekta.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

PRESISERING:

I ein versjon av denne saka stod det at Isaksen tidlegare har skrive ei bok om den norske kongefamilien, der det står at diademet kjem frå dronning Désirée. Dette stemmer ikkje. I biografien om prinsesse Astrid, skriv Norén Isaksen at diademet ofte er omtalt som Désirées diamanttiara, men skriv samstundes at det er ingenting som tyder på at den har tilhørt dronning Désirée. Dette er no retta.

Isaksen kom denne veka med ei ny bok om kongefamilien med tittelen «Ingrid Alexandras arv».

Boka tar lesaren gjennom slektshistoria til den 19 år gamle prinsessa, og gjer dette gjennom smykkesamlinga ho ein dag vil arva.

– Det er fascinerande at trådane frå desse 30 kvinnene til slutt blir samla i denne norske 19-åringen, Ingrid Alexandra, som ein dag skal arva dei fleste av desse smykka, seier Isaksen om boka.

Han nyttar også høve til å retta kritikk mot både kongefamilien og hoffet.

I forordet skriv Isaksen at ingen av dei har villa bidra med nokon opplysningar til boka, berre enkelte bilde.

– Dei har vore veldig tilbakehaldne, seier forfattaren.

Fekk ingen svar

Isaksen hevdar kongefamilien ikkje har villa svara på verken intervjuførespurnader, konkrete spørsmål eller gje tillating til å bruka enkelte bilde av smykka.

– Eg synest det er litt rart med tanke på at andre kongehus er ganske opne rundt sine smykkesamlingar, seier han til NRK.

Historikar Trond Noren Isaksen

Historikar og forfattar Trond Norén Isaksen.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Han seier boka har latt seg skriva med hjelp av dei kongelege hoffa i Sverige, Danmark, Storbritannia, Belgia og Luxembourg.

– Det er også slik at alle andre som har prøvd å få kongefamilien i tale om smykka heller ikkje har fått noko ut av dei, hevdar Isaksen.

Han kallar kongehuset si haldning til dette uvanleg.

– Dronning Margrethe feira sitt 50-årsjubileum som dronning med å stilla ut 200 privateigde smykke på Amalienborg-museet i København. Det var den mest ettertrakta utstillinga i museet si historie.

Isaksen hevdar at han berre fekk bruka ein tredjedel av bilda han spurte om å få ha med i boka.

– Blant dei me ikkje fekk bruka, er bilde av gåver som er oppført på kongehuset si offisielle gåveliste, skriv Isaksen i forordet.

Meiner slottet har bidratt

Slottet meiner på si side at det har bidratt med det dei kan.

– Det kongelege hoff har bidratt med ei lang rekke bilde, og fleire av smykka har ein kjend bakgrunn og historie, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe til NRK.

Når det gjeld intervjua, svarer kongehuset med at kongefamilien sjeldan gir intervju i høve bokutgivingar.

– Dei hadde heller ikkje høve til å bidra med intervju til denne boka.

Prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag feires med gallamiddag på slottet

Arvesmykker på gåvebordet då prinsesse Ingrid Alexandra fylte 18 år i fjor.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ho seier at kongehuset normalt sett ikkje deler bilde frå den offentlege gåvelista, med unntak av dei media ofte tar bilde av på gåvebordet.

Smykke og andre gåver frå nær familie og vener blir rekna som kongefamilien sine private eigendelar.

Ueinige om Sonjas diadem

Isaksen påstår at han i arbeidet med boka har funne nye opplysningar om smykkesamlinga kongefamilien sjølv ikkje kjenner til.

– Kongefamilien har eit veldig flott diamantdiadem som har høyrt til Josephine, Napoleons store kjærleik, hevdar Isaksen.

Han seier at Josephine bygde opp ei av Europas største smykkesamlingar, der eit par perleøyredobbar er utstilt på Louvre-museet i Paris.

Ei ung kronprinsesse Sonja avbilda i 1970 i gallakjole og diademet som Isaksen meiner er frå Napoleons første kone.

Offisielt foto av den gang kronprinsesse Sonja med diademet Trond Norén Isaksen påstår stammar frå keisarinne Josephine (1763–1814) si store smykkesamling.

Foto: NTB

– Den norske kongefamilien har eit heilt diamantdiadem, men dei veit ikkje sjølv at det har høyrt til keisarinne Josephine, hevdar Isaksen.

Diademet er ofte kalla Désirée diamanttiara.

Kommunikasjonssjef Varpe seier til NRK at kongefamilien er godt kjend med historia til diademet, og at familien også har god kunnskap til familien sine historiske smykke generelt.

– Desse opplysningane er gjort kjent i ei tidlegare bokutgjeving.

Etter at dette sitat ble gitt, har kommunikasjonssjef Varpe erfart at det har oppstått tvil om hvordan uttalelsen skal tolkes. Hun presiserer derfor: - Ingen i kongefamilien har vært kjent med Trond Norén Isaksens tese om at diademet skal kunne spores tilbake til keiserinne Josephine. Det var heller ikke meningen at uttalelsen skulle tolkes slik.

I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at Slottet hevdar opplysningane er kjent i tidlegare bokutgivelsar. Det riktige skal vere kommunikasjonsjef Varpe seier at det er omtalt i ei tidlegare bokutgjeving.

AKTUELT NÅ