NRK Meny
Normal

Mannen bak mullaen

For 16 år sidan sette mulla Krekar føtene på norsk jord for første gong.

Mulla Krekar
Foto: Heiko Junge / Scanpix

I 1991 kom den kurdiske irakaren Najmuddin Faraj Ahmad til Noreg som kvoteflyktning. Seinare fekk han familien hit på familiegjenforeining.

Det skulle gå 10 år før mannen vart kjend for folk flest her i landet, og då under namnet mulla Krekar.

Det var ein dokumentar på NRK Brennpunkt som gjorde kurdaren kjend for det norske folk.

Skulda for terrorverksemd

Dokumentaren viser at mullaen ved fleire høver reiser tilbake til det nordlege Irak, det same området som FN meinte var så farleg for han at han fekk status som kvoteflyktning. Der dannar han i 2001 den militante gruppa Ansar al-islam, som har som mål å opprette ein islamsk stat.

Andre kurdiske grupper skuldar organisasjonen for å drive med terror, og det blir hevda at Ansar al-islam også har halde treningsleirar for Al Qaida.

Dokumentaren i NRK Brennpunkt vekkjer sterke kjensler over heile landet, og det kjem raskt krav om utvising. Krekar sjølv hevdar at han ikkje lenger er leiar for Ansar al-Islam.

Vist ut frå Nederland

Mullah Krekar

Mulla Krekar

Foto: HÅKON MOSVOLD LARSEN / SCANPIX

12. september 2002 vert mullaen arrestert på flyplassen i Amsterdam under ei mellomlanding på veg frå Iran til Oslo. Jordan krev Krekar utlevert i samband med ei narkotikasak. Mullaen sine advokatar avviser kravet, og seier USA står bak.

Etter fire månader i nederlandsk fengsel vert Krekar sett fri og utvist frå Nederland. Mullaen landar på Gardermoen 13. januar 2003.

Arrestert i Norge

I februar avgjer dåverande kommunalminister Erna Solberg at Krekar skal utvisast frå Noreg av omsyn til riket sin tryggleik, men utvisingsvedtaket blir ikkje effektuert.

20. mars 2003 vert den irakiske kurdaren pågripen i Oslo for å vere medlem i ein terrororganisasjon. Lagmannsretten opphever fengslinga grunna mangel på bevis, men Økokrim held fram etterforskinga av mulla Krekar. Han blir tett overvaka.

30. oktober same året tek Økokrim ut ny sikting mot Krekar, men denne gongen vert siktinga halden hemmeleg.

25. november 2003 avgjer Justisdepartementet at Jordan ikkje har presentert haldbare bevis i narkotikaskuldingane mot Krekar. Departementet nektar å utlevere mannen som nokre månader tidlegare vart utvist frå Noreg, fordi han var ein fare for norsk tryggleik.

Carl I. Hagen: Terrorist

Mulla Krekar og Carl I. Hagen

Mulla Krekar og Carl I. Hagen

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

I desember 2003 skriv fleire større internasjonale aviser at mulla Krekar er den eigentlege leiaren av Ansar Al Islam.

2. januar 2004 blir mulla Krekar pågripen av norsk politi igjen, denne gong på bakgrunn av den hemmelege siktinga frå oktober.

14. januar taper mullaen i eit sivilt søksmål mot Carl I. Hagen, etter at den dåverande Frp-formannen i eit intervju kalla Krekar for terrorist.

2. februar avgjer Oslo tingrett at Krekar skal sitje fire nye veker i varetekt med brev- og besøkskontroll.

Til sak mot staten

17. februar blir han sett fri, etter at det kjem fram opplysningar om at nøkkelvitna mot han i Irak kan ha vore utsette for tortur.

22. april kjem mulla Krekar med boka "Med egne ord" på Aschehoug forlag.

Mulla Krekar bok

I 2004 ga mulla Krekar ut boka 'Med egne ord.'

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

2. juni 2004 utset Riksadvokaten avgjerda om å ta ut tiltale mot Krekar, og 15.juni legg Riksadvokaten vekk saka på grunn av manglande bevis.

29. september 2005 går Krekar til sivil sak mot staten, men Oslo tingrett stadfestar at utvisinga frå Noreg er gyldig.

Siste runde

22. november 2006 stadfestar Borgarting lagmannsrett utvisingsvedtaket, etter at mulla Krekar har anka avgjerda.

Siste runde i sirkuset rundt mulla Krekar strarta 9. oktober 2007. Høgsterett har sett av fire dagar til handsaminga av utvisingsvedtaket.

LES: Krekar møtte i Høyesterett

Same dag avslører NRK at mulla Krekar driv ei islamistisk nettside som hyllar terror og lenkar vidare til Al Qaida-nettsider. Mullaen vedgår at han bidreg til sida.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger