Det var i 2007 russarane varsla at dei kom til å ta opp att strategiske øvingar i internasjonale luftrom langs norsk territorium. Slike langdistansepatruljar var vanlege under sovjettida, men vart trappa kraftig ned i ettertid.
No er russarane på tokt att. Dei to siste åra er det registrert heile 175 russiske fly langs norskekysten.
Les også:
- Russland er ikkje svakt
I nyttårstalen i Oslo Militære Samfund denne veka argumenterte forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen for å fokusere meir på geopolitiske truslar og norske interesser i nordområda.
- Bodskapen er enkel når dei russiske flya nærast kvar veke flyg langs kysten vår, eller hangarfartøyet Kutznetsov siglar forbi oss: Russland er ikkje svakt lenger, konkluderte Strøm-Erichsen i sitt nyttårsføredrag i Oslo Militære Samfund denne veka.
Forsvaret vil likevel ikkje kalle situasjonen dramatisk.
- Det er ingen form for dramatikk i det at russarane trenar. Dei flyg i internasjonalt luftrom og har ikkje krenka nokre grenser, seier pressetalsmann Vegard Finberg ved Fellesoperativt Hovedkvarter.
- Kvifor vil dei absolutt trene nær norskekysten?
- Flygingane føregår godt utanfor den norske grensa, seier Finberg.
- Brukt til kjernefysisk avskrekking
Senioranalytikar Tor Bukkvoll ved Forsvarets forskingsinstitutt er ikkje i tvil om at dei mange russiske flygingane må sjåast i samanheng med forverringar i forholdet mellom Vesten og Russland.
- Under Den kalde krigen var desse bombeflya ein del av den kjernefysiske avskrekkinga til Sovjetunionen. I dag seier russiske politikarar og militære at dei same flya i større grad vil kunne få konvensjonelle oppgåver.
Ei anna viktig årsak til intensiveringa, er truleg at Russland var i ferd med å miste kompetansen på slike flygingar.
- Pilotane må øvast i å operere saman med fleire typar fly, seier Bukkvoll.
Artikkelen held fram under bilete.
Gamle fly og dårleg trente pilotar
Ifølgje Bukkvoll er bombeflya som flyg langs norskekysten gamle.
- Så vidt vi kjenner til er dei produserte i sovjettida, med unnatak av eitt nytt fly, som vart tilført det russiske flyvåpenet i 2005.
I tillegg er dei russiske pilotane dårlegare trente enn til dømes norske pilotar, stadfestar Bukkvoll.
- Eg trur ikkje utdanninga for russiske pilotar er veldig ulik utdanninga for norske pilotar, men det er stor skilnad i kor mykje trening dei har før dei går ut i teneste. Det såg vi resultata av i Georgia, der flydelen av åtaket var det som lukkast dårlegast. Russiske offiserar har sjølv skulda dette på dårleg trente pilotar.
- Ingen kommentar
Dette er opplysningar Forsvaret ikkje vil kommentere.
- Utgjer det at flya er gamle og pilotane dårleg trente noko risikomoment for Noreg?
- Dette er ting vi ikkje vil kommentere, seier pressetalsmann Vegard Finberg ved Fellesoperativt hovedkvarter.