Halfdan P. Kierulf har gått ned i kneståande på ein bergknaus i Ny-Ålesund. Han har med seg ein GPS som han skal setje opp her.
Rundt seg har han panoramautsikt over Kongsfjorden, frå lengst ute mot havet og til dei majestetiske isbreane lengst inne - Kongsbreen, Kronebreen og Kongsvegen.
Kierulf veit at knausen han står på, rører på seg. Opp og ned gjennom året. Mest opp.
– Vi har sett ein ganske dramatisk auke i landhevinga her ved Kongsfjorden, den er faktisk dobla frå år 2000 til i dag, fortel Kierulf.
Han veit også årsaka.
Kongsfjorden ved Ny-Ålesund, med breane lengst inne.
Foto: Eivind Molde / NRKHevar seg raskt gjennom ein kort sommar
Kierulf arbeider i Kartverket, og er kjent som Nordens fremste forskar på landheving med bruk av nye måleteknologiar. Han har nyleg fått publisert ein rapport frå Ny-Ålesund i det internasjonale forskingsmagasinet Geophysical Journal International.
– Landhevinga endrar seg heile tida i takt med endringane på breane. Når isen smeltar, og breane dermed blir lettare i vekt, hevar landet seg, fortel han.
Det er endringar over tid, og det er store variasjonar gjennom året.
– Ny-Ålesund hevar seg nesten ein centimeter gjennom den korte, arktiske sommaren, for så å senke seg sakte nedover gjennom vinteren, seier Kierulf.
Kartverket sine målepunkt rundt Kongsfjorden. Skalaen til venstre viser landhevinga per år i perioden 1994-2021. Den er størst på det raude punktet til høgre, som er nærast breane lengst inne i fjorden. Ny-Ålesund ligg ved det grøne punktet som er lengst nede på kartet.
Endringane størst der breane ligg
Når GPS-en er på plass, kan han nok ein gong måle landnivået på akkurat dette punktet. Med millimeterpresisjon. Dette er eitt av i alt ti målepunkt som Kartverket har sett opp rundt Kongsfjorden. I tillegg blir det gjort målingar på Kartverket sitt jordobservatorium her i Ny-Ålesund.
Halfdan P. Kierulf.
Foto: Eivind Molde / NRK– Endringane er størst lengst inne i fjorden, der dei store breane ligg. Etter kvart som ein kjem lenger utover langs fjorden, blir utslaga på målingane mindre og mindre. Der er det færre store brear og mindre effekt av isbreane som smeltar eller trekkjer seg tilbake.
Målingane starta i 1994. Då var landhevinga rundt 4 millimeter i året. I 2000 var tilsvarande tal 6 millimeter, og i 2021 12. Snittet for heile perioden frå 1994 til 2021 var på 8 millimeter i året.
Landområda ved Kongsfjorden ligg altså rundt 20 centimeter høgare no enn i 1994. Målingane nedanfor er frå perioden mellom 2013 og 2018.
– Overraskande
– Ei dobling på 20 år (frå 6 til 12 millimeter) er meir enn forventa. Det er overraskande at vi ser utslaga så tydeleg når vi ser funna i samanheng med endringane på breane. I tillegg er det fascinerande at vi no kan følgje utviklinga i detalj med så presise målingar, seier Kierulf.
Det er første gong landhevinga er målt ved hjelp av så mange målestasjonar i eit konsentrert område, og første gong endringane over tid, både gjennom sesongen, og over fleire år, er studerte i detalj.
For å kunne forske på forholdet mellom landheving og bresmelting, er det nødvendig med tilgang på gode data frå breforskarane. Det har Kierulf og Kartverket fått frå glasiolog Jack Kohler i Norsk Polarinstitutt.
Jack Kohler frå Norsk Polarinstitutt forklarer korleis han jobbar som breforskar i felt. Han har over 20 års erfaring frå breane på Svalbard.
Foto: Bjørn-Owe Holmberg2-4 gonger meir avsmelting
– Dette er første gong vi har gode nok glasiologiske modellar til å forklare det vi ser. Vi kan sjå, og samanlikne, variasjonane frå stad til stad og år til år, og dermed sjå at landhevinga aukar på grunn av auka avsmelting frå breane. Det er eit viktig klimasignal, seier Kierulf.
- Les også:
Jack Kohler kjenner breane rundt Ny-Ålesund som si eiga bukselomme. Han har jobba på breane både her, og andre stader på Svalbard, i over 20 år.
Breforskar Jack Kohler frå Norsk Polarinstitutt på Austre Brøggerbreen.
Foto: Eivind Molde / NRKModellane som forskarane har laga, viser at det i snitt ser ut til å bli 2-4 gonger meir avsmelting frå breane på Svalbard i 2100, samanlikna med perioden 1936-2010.
Vi møter Kohler inne på Austre Brøggerbreen, sørvest for Ny-Ålesund.
– Denne breen er blitt cirka 30 meter tynnare sidan målingane starta i 1967. Alle breane rundt Kongsfjorden minkar. Både varmare hav og varmare luft påverkar utviklinga, fortel han.
1 kubikkmeter is = 920 kilo
For heile Svalbard viser tal frå Norsk Polarinstitutt at 10 prosent av brearealet er blitt borte i perioden 1936-2010. Dei er i snitt blitt 35 centimeter tynnare per år.
– Kor tung er eigentleg ein isbre?
– Tar du ut ei isblokk som er 1 x 1 x 1 meter, så veg den cirka 920 kilo. Så dersom blokka er 100 meter i kvar retning, er den dermed 920.000 tonn.
Kohler fortel at det nyaste estimatet av samla isvolum på Svalbard, er 6.200 km³, dvs. 5.700 gigatonn.
Viktig klimasamarbeid
Seinare i år kjem det ein ny rapport som ser meir detaljert på landhevinga i Ny-Ålesund over ein 3-5-årsperiode. Der er Jack Kohler ein av medforfattarane.
Både han og Halfdan P. Kierulf trekkjer fram det gode samarbeidet som svært verdifullt for klimaforskinga på Svalbard.
– Det er veldig interessant å sjå at endringane på breane, til og med variasjonar i snømengda, kan registrerast på Kartverket sine instrument, seier Kohler.
Han meiner det er nyttig å kunne bruke ulike forskingsmetodar, slik Polarinstituttet og Kartverket gjer.
– Alle verktøy er nyttige og kan vise ulike ting. Alle metodar har feilmarginar, så med fleire metodar som peikar i same retning, så er det ei god stadfesting på at vi er på rett spor, seier han.