Fengselsdirektør ved Ila fengsel, Knut Bjarkeid seier det blir ei utfordring å ta hand om Anders Behring Breivik.
Foto: Leif Kristian Hatland / NRK
Utfordring for Ila
I likskap med Ringerike har også Ila fengsel lang erfaring med å ta hand om fangar som står bak grufulle ugjerningar.
Å ta imot Behring Breivik blir likevel ei utfordring, ifølgje fengselsdirektør Knut Bjarkeid.
– Denne udåden rører ved kvart eit menneske, også meg og våre tilsette. Dette oppdraget set profesjonaliteten vår på prøve. Me må ta vare på han på ein humanistisk møte, seier Bjarkeid til VG.
Behring Breivik får plass på eineromsavdelinga ved Ila fengsel.
Foto: Roald, Berit / SCANPIX
Fryktar sjølvmordsforsøk
Ifølgje fengselsdirektøren førebur dei tilsette ved Ila fengsel seg no på å møta den terror-sikta massedrapsmannen andlet til andlet. Tilgang på prest, psykolog og helsepersonell skal gjera det lettare for fengselsvaktane å handtera oppdraget.
Behring Breivik vil bli plassert i ei isolasjonscelle åleine. Inne på cella finst berre seng, toalett, bord og stol. Alt som kan brukast til sjølvskading er fjerna.
– Dei tilsette vil vera veldig vare med å sjå etter teikn på at han vil skada seg sjølv, seier Svenkerud i Kriminalomsorgen til VG: