Hopp til innhold

– Smaken av fridom

Folk står i kø for å drikka ute. – For nokre er puben som ein heim nummer to, seier forskar som trur mange har kjent sterkt på einsemda.

Einar Lystrup kan endeleg servera øl igjen på "Flua".

Einar Lystrup kan endeleg servera øl igjen på «Flua".

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– I dag føler eg meg heilt topp. Det er ein dobbelt gledas dag i dag, seier Lystrup.

Han har fått andre dose med koronavaksine. I tillegg har han og kona Janiche Aaserud Lystrup opna dørene og skjenkekranene til puben «The Fly Fisher», betre kjend som «Flua».

Inn i baren har han fått levert 1000 liter øl på fat, men kjøleskapa er skrantne.

– Alt har gått ut på dato. No ventar vi på ein bil, så får vi fylt opp kjøleskapa. Ut med det gamle og inn med det nye, seier Lystrup.

Einar Lystrup og kona Janiche Aaserud Lystrup har drive "Flua" i 16 år. Dei har venta lenge med å få opna opp igjen.

Einar Lystrup og kona Janiche Aaserud Lystrup har drive «Flua» i 16 år. Dei har venta lenge med å få opna opp igjen.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Medan kafear, restaurantar, treningssenter og kultur- og underhaldningsstader opna dørene i Oslo på onsdag, måtte pubane som ikkje har mat på menyen sitja å venta.

– Du veit, det er ingen her som betaler 200 kroner for ein pizza for å kunna ta seg ein øl, seier pubeigar Einar Lystrup.

Men no er endeleg dagen her.

Einar Lystrup har fått varer. No kan kjøleskapa fyllast opp igjen.

Einar Lystrup har opna. No skal baren fyllast opp med nye varer.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– No har eg det bra

Ein kan kjenna smaken av sommar i Oslo. Gatene har byrja å myldra med folk igjen. For Lystrup og stamgjestene hans, er den brune puben på Bislett staden å vera. Dei er gjester, men også vener.

– Neimen hei, Ewe.

Inn døra kjem Ewe Adler. Han er ein av mange stamgjester på Flua.

– Hei! Er du fornøgd i dag?, spør Adler.

– Eg er fornøgd! Skal du ha deg ein velkomstpils?

Ewe Adler får servert øl på stampuben for fyrste gong på sju månadar.

Ewe Adler får servert øl på stampuben for fyrste gong på sju månadar.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Lystrup skjenkar ein halvliter til Adler.

– Det er ei nyting. Smaken av fridom, seier Adler etter å ha tatt ein slurk.

No har eg det bra. Det er heilt utruleg. Det er sju månader sidan sist. Det er jo ikkje klokt, legg Adler til.

– Eit sosialkontor

Ein etter ein kjem innom. Alle gratulerer med opning. Dei bestiller øl og skålar i lufta med kvarandre.

Dei vil helst ikkje koma på NRK, men dei kan fortelja at møtet på stampuben er etterlengta.

Som om den andre stova har opna. Puben er ikkje stor, så dei kan snakka med kvarandre sjølv om dei sit på motsett ende av lokalet.

Dei har kjent nedstenginga på kroppen.

Einar Lystrup saman med kompisen Odd Arne Braute.

Einar Lystrup saman med kompisen Odd Arne Braute.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Odd Arne Braute jobbar også i serveringsbransjen. Han er tidlegare kollega med Einar og tek turen støtt og stadig innom for å helsa på.

– Det er som eit sosialkontor, seier han.

– Eit ankerpunkt

Øystein Skjælaaen er førsteamanuensis ved Høyskolen VID og forfattar av boka «Meningen med rus».

Han har også forska på og skrive doktorgrad om felleskap på puben.

– For nokre er puben som ein heim nummer to. Og heime er dei kanskje åleine. Det kan vera på puben store delar av det sosiale livet utspeler seg. Så for dei er det jo eit ankerpunkt og svært viktig, fortel Skjælaaen.

Nedstenging har ført til dei har mista dette ankerpunktet i kvardagen. Dei som går fast på pub har måtta halda seg heime som alle andre.

Øystein Skjælaaen

PUBEKSPERT: Øystein Skjælaaen har hatt mange timar på pub i samband med doktoravhandlinga. Han seier at puben er eit ankerpunkt for mange.

– Mange har nok kjent sterkt på einsemda, meiner han.

– Ein del av dei er pensjonistar eller av andre grunnar utan jobb. Folk i arbeid har framleis hatt arbeidsfellesskapet det siste året, enn om berre digitalt, men den digitale puben finst ikkje, legg han til.

Skjælaaen meiner at det nødvendigvis ikkje er slik at ølen eller alkoholen er det viktigaste.

– Eg tenkjer at det er kombinasjonen av øl og eit fellesskap som er det viktige.

AKTUELT NÅ