Hopp til innhold

Her legg det russiske oligark-skipet til kai i Oslo

Eit russisk oligark-eigd skip fullasta med russisk aluminium la i kveld til kai i Oslo hamn.

Lauritze russisk skip

I HAMN: Det russiske skipet i hamn i Oslo.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Skipet «Lazurite» seglar under russisk flagg, er lasta til breidda med det verdfulle metallet.

Nettavisa E24 skriv at skipet eigd av det Malta-registrerte selskapet Volga-Baltic Ship 4 Ltd, som igjen er knytt til Volga Shipping.

Volga Shipping er styrt av den russiske oligarken Vladimir Lisin. Ifølge den britiske nettavisa City A.M. skal oligarken ha tatt avstand frå den russiske presidenten Vladimir Putin og kravd at krigen i Ukraina må ta slutt.

Russisk skip Lazurite

EIGD: Skipet skal vere knytt til den russiske oligarken Vladimir Lisin

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Jobbar med spørsmål om utestenging

No jobbar både EU og Noreg intenst med spørsmål om utestenging frå hamner, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Grunnen til at det tar lang tid å få på plass er at det er meir komplisert enn dei andre sanksjonane, ifølge Skjæran.

Rydder opp

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran meiner fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er viktig.

Foto: Rebekka Ellingsen / NRK

Det handlar om den internasjonale havretten til FN, som Noreg har vore ein drivar for å få på plass. For oss er det norsk-russiske fiskerisamarbeidet viktig, seier han.

Les også: Vestlige selskaper rømmer Russland

BIG MAC: Nå stenger McDonalds 850 restauranter i Russland.
BIG MAC: Nå stenger McDonalds 850 restauranter i Russland.

Spår mørk tid for norsk industri

Sidan sanksjonane mot Russland er ikkje vedtekne enno, så det er framleis ikkje ulovleg å gjere handel med russiske aktørar, seier administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier Hansen.

Stein Lier-Hansen

MØRK TID: Stein Lier Hansen ser ikkje lyst på framtida til norsk industri.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

– Eg ynskjer ikkje å vere moralens vaktar, men oppfordrar til å fylgje sanksjonane mot Russland sjølv om dei enno ikkje er formelt vedtekne.

Han spår ei mørk tid for norsk industri framover.

– Denne krigen kjem til å få store konsekvensar for norsk industri. Verdikjedene stoppar opp i mangel på råvarer frå Russland. Vi er no i ein overgang frå at alt går som normalt til at alt blir unormalt, seier Lier Hansen.

Vil stenge for russiske skip

Stortingsrepresentant for Venstre, Ola Elvestuen, vil forsterke sanksjonane mot Russland, og stenge norske hamner for russiske skip.

Ola Elvestuen Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

STENGE: Venstre-politikar Ola Elvestuen vil stenge norske hamner for russiske skip.

Foto: Stian Lysberg Solum

– Det vi ser no med dette skipet som er eigd av ein russisk oligark, viser kor viktig dette er, seier Elvestuen til NRK.

Han meiner Noreg må følge etter Storbritannia og Canada, og går før EU.

– Vi må vere ein pådrivar for Europa for å stenge hamnene for russiske skip.

Direktør for Norske Havner, Kjell-Olav Gammelsæter seier til NRK at han forstår engasjementet.

Vi forstår veldig godt engasjementet. Vi er heller ikkje mot at ein skal gjere ein slik utestenging frå norske hamner, men då må det skje på ein skikkeleg måte med eit vedtak frå sentrale styresmakter, seier han.

Nestleiar i Raudt Marie Sneve Martinussen reagerer på saka, og vil at Noreg skal sette i verk eigne straffetiltak, men meiner at å stenge alle norske hamner for russiske skip ikkje er vegen å gå.

Vi har eit fiskesamarbeid å ta omsyn til, i motsetning til EU og Storbritannia. Då er det mykje betre med målretta tiltak mot spesifikke skipseigarar, seier ho.

AKTUELT NÅ