– Vi har stått på døgnet rundt, brukt kontaktar og fått til ting som elles ikkje er mogleg for å sikre at desse varene skulle kome til Noreg i dag, seier direktør for frakt i Avinor, Martin Langaas.
Han står framfor cirka 300 europallar med mellom anna 6,4 millionar nye munnbind og 250.000 nye smittefrakkar, i tillegg til noko andedragsvern og augevern.
Smittevernutstyret skal bli brukt i den norske kampen mot koronaviruset.
Det er mangel på verneutstyr over heile Europa.
Sjukehusa i Noreg har slite med at tusenvis av tilsette er sette ut av spel på grunn av karantenereglar.
Mangel på verneutstyr kan føre til at fleire legar og sykepleiarar vert smitta og at enda fleire vert sat i karantene.
- Les og:
MANGEL PÅ UTSTYR: Fleire kommunar har no reglar om at smittefrakkar som denne skal bli brukt fleire gonger. Det kan auke risikoen for smitte.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpixEnormt forbruk av verneutstyr
– Det er vanskeleg å seie, men dagens leveranse av munnbind varer i alle fall i fleire veker, seier Cathrine M. Lofthus.
Lofthus er administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF.
Ho fortel at ein så stor leveranse av munnbind vanlegvis varar i rundt ni år under ordinære situasjonar i spesialthelsetenesta.
– Men sånn som det er no, så er det klart at det varer ei stund, men vi trenger meir. Og vi jobbar med å få inn nye forsendingar, seier Lofthus.
Helseføretaket fått det nasjonale koordineringsansvaret for innkjøp av smittevernutstyr og legemiddel i samband med koronautbrotet i Noreg.
– Kven får dette utstyret?
– No har det kome på plass ei ordning i dag der Helsedirektoratet har vedtatt ein fordelingsnøkkel, slik at det skal bli fordelt delvis til sjukehusa, og delvis til kommunane, svarar Lofthus.
Ho fortel at fylkesmennene skal hjelpe til med å prioritere mellom kommunane. Så skal utstyret bli køyrt ut til kommunar og sjukehus.
Lofthus meiner betre fordeling av utstyret er viktig:
– Vi veit at mange kommunar er fortvila. No har vi ei ordning slik at kommunane skal sjå noko til dette utstyret vi får inn, det er viktig.
- Les og:
HAR ANSVAR FOR INNKJØP AV SMITTEVERNUTSTYR: Cathrine M. Lofthus er administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF som har fått ansvaret for innkjøp av smittevernutstyr og legemiddel i samband med koronautbrotet i Noreg.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixSvært komplisert å skaffe utstyr
Lukrative kontraktar, skyhøge prisar og ein enorm etterspurnad har ført til eit globalt kappløp etter smittevernutstyr.
Internasjonale forsyningskjeder av varer er kraftig ramma av koronaviruset og store delar av verdas flypark står på bakken.
Langaas beskriv det som svært komplisert å få tak i flykapasitet i verda og ikkje minst å få varer til flyplassen, gjennom terminalen og heim til Noreg.
– Det har vert vanskeleg å få tak i utstyret, seier Langaas.
Han har saman med medarbeidarane sine i Avinor og ei rekkje partnarbedrifter jobba dag og natt for å få til større og meir jamlege leveringar av smittevernutstyr til Noreg.
No er direktøren for frakt i Avinor sikker på at dei har fått bygd opp att leveransekjedene for fleire fly med smittevernutstyr.
– Vi vil forvente at det kjem fleire fly til Oslo innan kort tid, seier direktøren.