Hopp til innhold

Her går KrFs grense for tvang

KrF kan godta maks 10 tvangssamanslåingar i Kommune-Noreg. Og krev i tillegg at kvar enkelt samanslåing skal godkjennast i Stortinget.

Hans Olav Syversen (KrF)
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Stortingsfleirtalet er samde om at det bør vere færre kommunar i Noreg, og at samanslåingane skal vere frivillige. I løpet av året som har gått er antal kommunar redusert med om lag 50, til 375 kommunar. Samtlege fordi kommunane ynskja det sjølve.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) trur det vert fleire samanslåingar og kan ikkje utelukke tvang.

– Regjeringa har ikkje teke stilling til om- eller eventuelt kva for kommunar det kan vere aktuelt for, seier Sanner.

– Unntaka skal vere svært, svært få.

Hans Olav Syversen (KrF)

Kan telje på to hender

Parlamentarisk nestleiar Hans Olav Syversen (KrF) lemnar ingen tvil; det blir ikkje noko utstrekt bruk av tvangssamanslåing. Ikkje med KrF si velsigning, i alle fall.

– Det blir ikkje mange. Eg trur eg kan telje dei på to hender, kanskje den eine òg, seier Syversen.

Og dei få tilfella det er snakk om, vil KrF ha nøye vurdering av, saman med resten av Stortinget.

– For å sjå om det er så mykje meir som talar for enn det er som taler imot. Men då er vi på eit svært lite antal tilfelle, seier Syversen.

– Vil ikkje spekulere no

Jan Tore Sanner (H)
Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

I teorien treng ikkje regjeringa KrF for å få fleirtal i Stortinget for kommunesamanslåingar, regjeringa har fleirtal òg berre med Venstre.

– Er det aktuelt å gjennomføre kommunereforma utan KrF-støtte?

– Eg ser ingen grunn til å spekulere i dei spørsmåla no. Vi skal legge fram ei sak for Stortinget i løpet av våren, seier Jan Tore Sanner.

AKTUELT NÅ