Her får kvinna vite om rekordgevinsten i Vikinglotto

Kvinna som vann over 341 millionar kroner i Vikinglotto onsdag, blei både overraska og glad då ho fekk meldinga. No lovar ho ei heidundrande jul.

Det var Nina Rundsveen i Norsk Tipping som ringde kvinna for å fortelje henne om rekordpremien.

Med vinnarrekkja 2, 15, 30, 35, 37 og 45, i tillegg til vikingtalet 8, vann ei kvinne i Oslo 341.285.000 kroner i Vikinglotto onsdag kveld. Sist nokon vann førstepremien i lotteriet var 14. juni. Dette er den høgaste utbetalinga i Vikinglotto nokon gong.

Kvinna ønsker foreløpig å vere anonym.

Det var Nina Rundsveen i Norsk Tipping som fekk tak i den heldige vinnaren rett før klokka 22 onsdag kveld.

– Ho blei først veldig overraska, og så braut ho ut i latter, og lo samanhengande. Ho var veldig, veldig glad, og kunne ikkje tru at det var sant. Men det gjekk nok litt meir opp for henne utover i samtalen, seier ho til NRK.

No lovar vinnaren ei heidundrande jul.

Hadde lagra nummer

Kvinna hadde ikkje fått sjekka vinnarkupongen då Norsk Tipping ringde henne. Men ho hadde nok ein hemmeleg draum om å vinne i Lotto. Ifølge trekningsredaktør Atle Onsrud Jensen hadde kvinna lagra nummeret til «millionærtelefonen» på telefonen sin.

– No får ho ein samtale med dei økonomiske rådgjevarane våre, men ho sa at ein ny bil og ny bustad sto på ønskelista, sa Jensen.

Ein mann som vann 441 millionar kroner i Eurojackpot i august i år har utbetalingsrekorden til Norsk Tipping. Medan førstepremien i Vikinglotto onsdag, er den nest høgaste utbetalinga dei har gjort.

SISTE NYTT

Siste meldinger