Hopp til innhold

Navarsete om SSB: –Ein offentleg skittentøyvask

SSB-bråket: For andre gang på to veker var direktør i Statistisk Sentralbyrå, Christine Meyer, kalla inn av finansminister Siv Jensen for å diskutere omorganiseringa i byrået. Navarsete forventar ein oppvask av finansministeren

Liv Signe Navarsete
Foto: Jan Kåre Ness, Jan Kåre Ness / NTB scanpix

I dag møtte SSB-sjef Christine Meyer på finansministeren Siv Jensen sitt kontor, etter ei tid med uro rundt statistikkbyrået. Leiinga har fått kritikk for sin omorganiseringsplan, der 25 forskarar har fått beskjed om at dei skal omplasserast.

Møtet skjer berre ei veke etter at Meyer sist var inne hos finansministeren og måtte forklare kvifor ho har kutta fleire forskarstillingar og endra fokus til internasjonal publisering.

Ifølgje DN har Meyer blitt bedt om å møte opp på finansministerens kontor også neste veke.

Navarsete ber finansministeren rydde opp

– Endrar du SSB, endrar du norsk politikk, var bodskapen frå Liv Signe Navarsete (Sp) i Politisk Kvarter i dag tidleg. Ho krev at finansminister Siv Jensen ryddar opp i bråket.

– Det har gått føre seg ein offentleg skittentøyvask i fleire veker no, det må finansministeren rydde opp i, slik at vi kan ha tillit til SSB, sa Sp-politikaren i Politisk kvarter på NRK i dag.

Ho avviser at dette handlar om forsking på innvandring, slik som Frp tidlegare har antyda, men seier at kjernen i konflikten handlar om kva forskingsmodellar ein skal byggje på.

– At ein flyttar forskarar som har vore med å byggje opp kjende forskingsmodellar i SSB reiser ein mistanke om at dette gjeld dei som er usamd i omorganiseringa.

Rotevatn: – Alvorlege, konspiratoriske skuldingar

Sveinung Rotevatn

KONSPIRASJON: – Navarsete burde halde seg unna slike skuldingar, seier sentralstyremedlem i Venstre, Sveinung Rotevatn.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Når Navarsete som stortingsrepresentant seier at statistikken frå SSB er subjektiv og styrt av dei tilsette sine eigne politiske overtydingar, er det alvorlege og konspiratoriske skuldingar mot ein uavhengig etat, reagerte Sveinung Rotevatn (V).

Han meiner Navarsete manglar belegg for påstandane sine, utanom ein enkelt forskar som har uttrykt misnøye.

– Då burde ho la vere å la denne typen skuldingar henge i lufta.

Navarsete viser på si side til eit utval Meyer sett ned i 2016, som gav forskarane i byrået sterk kritikk og anbefalte å redusere forskarstaben frå 80 til 25–35 personar. Navarsete seier mange har vore kritisk til heile denne rapporten.

AKTUELT NÅ