Hopp til innhold

Dette er slagordvinnaren blant politikarane

«Morna Jens» var vinnarslagordet frå Carl I. Hagen i 2001, om årets slagord vil bli like godt hugsa gjenstår å sjå. Her er NRK-juryen sine vinnar- og taparslagord.

Hadia Tajik med "Stille krav, stille opp"

SLAGORDVINNAR: Hadia Tajik frå Arbeiderpartiet vert kåra til vinnar i årets slagordkonkurranse frå NRK P2 sine sommarportrett. NRK-juryen meiner ho har ein tydeleg bodskap som treff med identitet, verdiar og noko mange kan kjenne seg igjen i.

Foto: KATRIN HELLESNES / NRK

I heile sommar har du kunne bli betre kjend med listetoppar frå heile landet gjennom NRK P2 sine politiske sommarportrett. Her har også politikarane blitt utfordra på å kome med eit politisk slagord.

Tre ekspertar på politikk og retorikk har vore juryen for årets slagordkonkurranse. Retorikar og lektor frå handelshøgskulen BI Ratna Elisabet Kamsvåg, rådgjevar og tidlegare debattredaktør i VG Elisabeth Skarsbø Moen, og redaktør for tidsskriftet Minerva, Nils August Andresen.

Andresen og Kamsvåg meiner Hadia Tajik frå Arbeiderpartiet har det beste slagordet med «Stille krav, stille opp». Dermed er ho vinnaren av årets uhøgtidlege slagordkonkurranse.

HADIA TAJIK med slagordet «Stille krav, stille opp».

SLAGORDVINNAR: Hadia Tajik frå Ap vert kåra til vinnar i årets slagordkonkurranse frå NRK P2 sine sommarportrett.

Foto: Katrin Hellesnes / NRK

– Hadia klarer å treffe på identitet og verdigrunnlag, samtidig som ho brukar eit slagord som truleg mange i arbeidsrørsla vil kjenne seg att i. Hennar liknar på Listhaug sitt slagord om å stille krav, men i tillegg får ho med det å stille opp som ein viktig verdi, seier Andresen.

– Det er veldig kjekt at dei peika ut mitt slagord, fordi det formidlar kjerneverdiane i politikken til Arbeiderpartiet, seier Tajik til NRK. Ifølgje Ap-politikaren er det ho sjølv som har laga slagordet.

Teigen like bak

Moen såg heller at Espen Teigen frå Frp skulle fått førsteplassen. Ho meiner slagordet «unngå en treig en, unngå en feig en, stem på Teigen» er rett på sak og har inhald.

Espen Teigen med slagord

ANDREPLASS: Espen Teigen frå Frp hamnar på ein andreplass med slagordet «unngå en treig en, unngå en feig en, stem på Teigen».

Foto: Astrid Randen / NRK

– Norsk politikk er prega av for lite kreativitet. Når Teigen seier at ein skal stemme på han for å unngå ein «treig en» så ligg det i det at politikarar kan vere både treige og feige, medan han lovar at han sjølv ikkje skal vere det. Det er ein enkel bodskap som treffer, seier ho.

Humor, verdiar og rim på topp

– Eit godt slagord må klistre seg til hukommelsen, opplevast truverdig og gjerne overraske eller ha humor, seier Moen.

– Det er også klokt at det blir knytt til identitet og at vi skjønar kven som er avsendar. At det er enkelt forståeleg er også viktig, slik at folk lett kan vere einig eller ueinig, legg Andresen til.

Jurymedlemmane diskuterer like før sending

RETORIKK OG POLITIKK: Minerva-redaktør Nils August Andresen, tidlegare debattredaktør i VG Elisabeth Skarsbø Moen og retorikar Ratna Elisabet Kamsvåg diskuterer slagorda saman med programleiar Lilla Sølhusvik like før sending av Politisk valgkvarter på NRK P2.

Foto: Espen Breivik / NRK

Andre slagord som gjer det godt er for eksempel Høgre og Peter Christian Frølich sitt slagord «kuler og krutt – og skattekutt» høgt, som Andresen set høgt.

– Dette er eit klassisk høgre-tema som appellerer til ein del høgre-veljarar, i tillegg er det knytt sterk identitet til slagordet, seier han.

Kva med Giske sitt «barna, lærer og syke blir friske er viktigere enn skattekutt»?

– Det er i alle fall eit rim i slagordet, men det er for langt og skil seg ikkje ut, seier Moen.

– Eg likar Raudt sitt «på tide å stå opp», fordi det kan ha fleire tydingar. Om å stå opp for det ein trur på eller å stå opp om morgonen, gjere noko med dagen, seier Kamsvåg.

Montasje av Martin Kolberg, Sylvi Listhaug, Abid Raja og Tina Bru sine politiske slagord

SLAGORD: Dette er nokre av slagorda under årets politiske sommarportrett på NRK.

Foto: NRK

Trump og distriktsslagord på botn

Juryen meiner slagorda må vere tydelege, enkle og fengjande, derfor når ikkje slagord som «Ja til et sterkt, åpent og inkluderande fellesskap» frå Hans Olav Lahlum i SV eller Jon Georg Dale i Frp sitt slagord «Den er sterkare den greina som bogna enn den som brester» ikkje opp på topplista.

Kjell Ingolf Ropstad

TRUMP: Juryen meiner Trump-parodiane vitnar om lite kreativitet. Her med Kjell Ingolf Ropstad frå Krf.

Foto: Kathrin Hellenes / NRK

Dei likar heller ikkje Trump-parodiar som «Gjør ansvarlig politikk greit igjen» frå Marianne Marthinsen frå Ap eller «Gjør sørlandet greit igjen» frå Kjell Ingolf Ropstad i KrF.

– Det er lite kreativt og på kostnad av referansar som dei fleste norske politikarar normalt ikkje vil refererast med. Å låne slagord frå ein useriøs politikar som Trump kan stå i vegen for bodskapen dei vil formidle, seier Kamsvåg.

Også slagorda frå Abid Raja (V) «Stem på en bror så blir det fred på jord» og Liv Signe Navarsete (Sp) «Senterpartiet – da e Norge da!» hamnar langt nede på lista.

Minerva-redaktør

Redaktør for det verdikonservative tidsskriftet Minerva likar ikkje distriktsslagorda frå Senterpartiet.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Om dette ikkje er sjølvironi, så er det nasjonalpopulisme som er grunn og ikkje seier noko konkret om politikk, seier Minerva-redaktøren.

– Seier du med rungande Oslo-dialekt?

– Hehe, ja. Eg likar heller ikkje Arnstad sitt «Noen må dra til Oslo – æ tar en for Trønder(laget)», men det kan hende dei fungerer lokalt.

AKTUELT NÅ