Her er dei nye parkeringsreglane

Frå 1. januar neste år slepp du gebyret dersom du berre kjem nokre minutt etter at parkeringstida har gått ut.

Nye parkeringsregler

SKRYT; Ketil Solvik-Olsen (FrP) får skryt frå direktør Randi Flesland i Forbrukerrådet for endeleg å ha fått på plass nye parkeringsreglar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Sola skin på ein parkeringsplass i Oslo. Ved ein parkeringsautomat står ei marsipankake. Kaka skal samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) få frå direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland.

kake for nye parkeringsregler

PARKERINGSKAKE: Forbrukarrådet spanderer kake på samferdselsministeren.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

– Vi er her fordi vi har vore i statsråd hos Kongen og levert eit nytt parkeringsregelverk, seier Solvik-Olsen.

Som bilist har han sjølv fått fleire parkeringsgebyr. Nokre av dei har han meint har vore blodig urettferdige. Men no meiner han det nye parkeringsregelverket vil gjere det enklare å klage på parkeringsgebyr.

Vil få bukt med «cowboyane»

Direktør i Forbrukarrådet, Randi Flesland, er strålande fornøgd med dei nye reglane.

– Dette har vi jobba for i ei årrekke. Like reglar for alle gjer at det blir enklare å vere bilist. Vi blir kvitt «cowboyane» i bransjen, og det er bra at vi får faste satsar på gebyra som er tilpassa graden av alvor, seier Flesland.

Dagleg leiar i Norpark, Lars Monsen.

FORNØGD: – No må cowboyane i bransjen enten skjerpe seg eller slutte, seier dagleg leiar i Norpark, Lars Monsen.

Foto: NRK

Norges Parkeringsforening (Norpark) er bransjeforeininga for offentlege og private parkeringsselskap her i landet. Også dagleg leiar Lars Monsen er nøgd i dag.

– Det er bra at dei nye reglane endeleg er på plass. Vi har venta på dei i nesten ti år. Og no må «cowboyane» i bransjen enten skjerpe seg eller slutte, seier Monsen.

Statens vegvesen skal drive tilsyn med dei som driv parkeringsverksemder.

– Det vil fjerne mistanken om at enkelte parkeringsvakter jobbar på provisjon, seier Ketil Solvik-Olsen.

– Det er ingen som vil få løn avhengig av kor mange gebyr han eller ho har skrive ut i løpet av dagen.

Faste satsar

Med det nye regelverket blir det tre faste satsar for ikkje å overhalde parkeringsreglane. Den lågaste blir på 300 kroner, og kan bli gitt dersom parkeringskunden ikkje har trekt billett på ei gratisparkering.

Normal sats på 600 kroner blir gitt ved såkalla «alminnelege» brot på føresegnene, som at parkeringskunden ikkje har betalt for tida han eller ho faktisk står parkert.

Høg sats på 900 kroner gjeld ved feilparkering på parkeringsplassar for forflytningshemmede, skriv Samferdsledepartementet i ei pressemelding.

Solvik-Olsen presenterer nytt parkeringsregelverk som gjelder for både private og offentlige. Det kommer en uavhengig klageinstans.

FEIRAR: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om dei nye reglane.

Nådetid på fem minutt

Med det nye regelverket skal ikkje parkeringskunden få gebyr før det har gått fem minutt i etterkant av at billetten har gått ut.

Den som parkerer skal få ein rimeleg frist til å sette seg inn i parkeringsvillkåra, og til å betale, før han eller ho kan bli straffa.

Samferdsleministeren lover at alle parkeringskundar som har fått gebyr skal få rett til å klage i ein meir ordna prosess, der ei ny, uavhengig parkeringsnemnd skal ta seg av klagane. Den nye nemnda er obligatorisk og forskriftsbasert.

Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2017.

Parkeringsvakt

ENKLARE: Dersom du får bot, skal det bli lettare å klage gjennom ein meir ordna prosess.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger