NRK Meny
Normal

Her blir NRK-reporter tatt av vinden

Det er full storm i Måløy i Sogn og Fjordane i kveld, med vindkast opp mot 40 meter per sekund. Det fekk NRK-reporteren merke då han rapporterte frå torget i Måløy.

NRKs reporter Asgeir Reksnes får kjenne de voldsomme kreftene i vinden på Måløy.

Ei stor bod i Måløy sentrum vart rive frå kvarandre av vinden. Dei lause delane vart kasta over torget, fortel NRK-reporter Asgeir Heimdal Reksnes.

Medan han viser fram skadane kjem eit kraftig vindkast, og Reksnes har problem med å halde seg på beina.

– Der det ein gong sto ei flaggstong er det berre eit røyr igjen.

Brannvesenet er i full gang med å rydde opp på torget.

Ber folk halde seg inne

Når kveldsmørket kjem sigande slår enorme bølgjer innover hamna i Måløy.

– Det er berre å halde seg inne til dette er over. Dersom det skjer noko må vi få beskjed, så skal vi hjelpe til, seier brannsjef Kim Hjelle i Vågsøy kommune.

Det blåser orkan på Måløybrua brannvesenet ber folk om å holde seg inne.

Hjelle trur folk har forstått alvoret. I ettermiddag har det vore få folk å sjå ute i Måløy.

– Det kan bli heftig utover kvelden, men vi er vande med storm og orkan her, så eg trur vi skal handtere dette.

Måløybrua stengt

På Måløybrua, som bind Vågsøy saman med fastlandet, er det målt vind opp mot 44 meter per sekund i dag. Trafikken blir automatisk stengd når vindstyrken går over 32 meter per sekund.

Måløybrua stengt
Foto: NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger