NRK Meny
Normal

Her avbryt Stenseng intervjuet etter spørsmål om usemje

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, vil ikkje svare på om det har vore usemje mellom henne og partileiar Jonas Gahr Støre i delar av varslingssakene mot Trond Giske.

Ville ikke svare på hvorvidt hun og Jonas Gahr Støre er enige i de ulike konklusjonene i varslersakene.

DISKUSJON: Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng, seier det har vore diskusjon mellom ho og Støre og varslingssakene, men vil ikkje svare på om det har vore usemje mellom dei to i enkelte av sakene.

– Vi har hatt ei grundig handtering og gode diskusjonar om vanskelege saker der vi har konkludert. Konklusjonen står eg fullt og heilt bak, seier Stenseng.

Etter det NRK forstår har det likevel vore tilfelle av usemje og diskusjon mellom partileiaren og partisekretær Stenseng i behandlinga av delar av varslingssakene mot Giske. Begge seier likevel dei er einig om konklusjonen i pressemeldinga.

Torsdag 25. januar gjekk partiet ut med ei pressemelding der dei skriv at Giske har brote partiet sine retningslinjer mot seksuell trakassering i fleire tilfelle.

– Vi har hatt gode diskusjonar og har konkludert, noko vi er heilt einig om, gjentar Stenseng til NRK.

– Konfidensielle saker

– Betyr det at de har vore einig i alle varslingssakene?

– Eg vil ikkje gå inn i kva diskusjonar det har vore rundt vanskelege saker. Det er konfidensielle saker som ikkje høyrer heime i media. Det viktigaste for meg er at vi har konkludert og at sakene er avslutta. Den konklusjonen står vi samla om.

7. januar trakk Trond Giske seg som nestleiar for Arbeidarpartiet, etter fleire skuldingar om seksuell trakassering mot yngre partifellar.

Måndag konkluderte også sentralstyret med at dei støttar partileiaren si vurdering, og at det er unaturleg at Giske held fram i sentralstyret når han har trekt seg som nestleiar.

Støre: – Eg har tatt avgjerda

Heller ikkje Støre ville bekrefte eller avkrefte om det har vore usemje mellom dei to, førre veke.

– Det er mi avgjerd, som eg tek fullt og heilt. Vi har jobba tett saman og samarbeida godt.

– Men er Stenseng einig i din fulle og heile konklusjon?

– Poenget er at dette ansvaret høyrer partileiaren, fordi det handlar om ein nestleiar.

– Men har det vore noko usemje mellom dykk?

– Det har vore diskusjonar om korleis vi skal handtere saker. I nokon av desse sakene har vi kome til at det har vore brot på retningslinjene, i andre saker har vi ikkje kome dit. Kva diskusjonar vi har hatt internt deler eg ikkje, men konklusjonen står eg ved. Vi har jobba mykje og solid med dette.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger