Datatilsynet får fleire og fleire tilbakemeldingar frå folk som fortel at e-postkontoane deira blir misbrukt.
Den som tek over ein konto, kan lese alle sendte og mottatte e-postar. Ved hjelp av adresselista kan inntrengaren sende falske e-postar.
Hemnmotiv
I mange tilfelle er det ein ekskjæraste eller tidlegare vener som står
bak innbrota.
- Vi oppfattar det slik at denne forma for id-tjuveri kjem som eit ynskje om å ta hemn for tidlegare forhold, seier avdelingsdirektør i Datatilsynet, Leif T. Aanensen.
Datatilsynet meiner det er altfor lett å bryte seg inn på ein e-postkonto. I dei fleste tilfelle treng ein berre få tak i eit passord for å logge seg på.
Passordet kan forandrast straks inntrengaren har logga seg på. Slik mistar den rette eigaren kontroll over kontoen.
Tek ikkje ansvar
Dei gratis e-posttenestene er spesielt utsett for innbrot. Mange av verksemdene dekkjer seg bak at dei er eit gratis produkt. Dermed kan ikkje brukarane vente for mykje, blir det hevda.
- Tryggleiken rundt slike e-postkontoar er generelt dårleg, seier Aanensen.
I tillegg til e-postkontorar gjeld innbrota også andre typar kontoar. Mange verksemder og organisasjonar har brukarkontoar som ”mi side”, der brukarane loggar seg på og registrerar informasjon om seg sjølv.
- Selskap som har passordbasserte brukartenester må ha eit skikkeleg apparat der ein tek i mot og behandlar klager frå folk som har opplevd misbruk av kontoane deira, seier Aanensen.
Slepphendte verksemder
Datatilsynet ser svært alvorleg på at mange verksemder som krev brukarregistreringar, sikrar passorda dårleg.
Dersom du registrerar deg som brukar i til dømes i ein nettbasert bokhandel, kan det hende verksemda lagrar passordet opent i kundebehandlingssystemet.
- I utgangspunktet kan dette virke nokså uskuldig. Faren er at det same passordet ofte vert nytta andre stader. Folk kan dermed bruke passordet for å kome seg inn på ein e-postkonto, seier Aanensen.
Test passordet
Datatilsynet understrekar kor viktig det er at passordet blir godt nok sikra, også frå brukaren si side.
Mange har alt for enkle passord som er lette å knekke. Ein bør vere forsiktig med å lage passordet sitt på datamaskiner som andre har tilgang til.
til Microsoft Norge kan gje ein peikepinn på kor trygt passord ein har. Passordet blir rangert som svakt, midels, sterkt eller best.