Spørsmåla om kva som skal skje og korleis det skal gjennomførast er mange, men prosjektleiar Bjørn Ruud vil ikkje seie noko om kva som skal skje.
Mange idear
Det har kome inn mange idear til korleis bryllaupsfeiringa til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn skal gjennomførast. Ideane har i dag vore drøfta hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.
Scan Partner vann
I går blei det kjent at reklamebyrået Scan Partner får ansvaret for design og lisensprodukt under prinsessebryllaupet. Når det gjeld vennefesten før bryllupet, har mellom anna Munkholmen vore nemt som ein aktuell plass å arrangere festen på, men dette er det ikkje tatt stilling til enno, seier Bjørn Ruud.
Ruud har også vore i møte med Sør-Trøndelag politidistrikt, men ønsker ikkje å komme med opplysningar om kva slag trafikk- og tryggingstiltak det er aktuelt å gjennomføre under prinsessebryllaupet.