Norske politikarar åtvart om 40 potensielle terroristar

I eit hemmeleg stortingsmøte blei norske toppolitikarar nyleg orienterte om potensielle namngjevne islamistiske terroristar i Noreg.

Opprørar i Syria

FRYKTAR TERRORTRENING: Norske styresmakter fryktar at fleire nordmenn som reiser til Syria, kjempar med Al Qaida og brukar terrortrening til åtak på norsk jord. Biletet viser ein opprørar som skyt mot regjeringsstyrkar i Aleppo 21. oktober.

Foto: ACHILLEAS ZAVALLIS / Afp

Ifølgje PST og Forsvarets Etterretningsteneste (E-tenesta) har frykta for terroråtak i Noreg aldri vore større.

Justisminister Grete Faremo og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen orienterte på eit hemmeleg møte i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen Stortinget 1. oktober om den aukande terrorfaren i Noreg, skriv Dagbladet.

På møtet blei fleire potensielle islamistiske terroristar namngjevne.

40 moglege norske terroristar

Dagbladet får opplyst at ministrane hadde med seg leiinga i både PST og Forsvarets Etterretningsteneste under den hemmelege orienteringa, i tillegg deltok Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM).

Dette skal vere første gong det er gitt opplysningar om namngjevne personar på eit slikt møte.

Totalt skal det ifølgje opplysningane vere i overkant av 40 personar i Noreg som blir sett på som moglege og farlege terroristar.

Nordmenn som har konvertert

Nokre av desse er etnisk norske, men har konvertert til islam. Dei andre skal vere av forskjellige etniske opphav.

Dei andre er både pakistanarar, afghanarar, irakiske kurdarar og somaliarar. Det skal også vere menn frå Tunisia og Algerie blant dei ekstreme islamistane norske styresmakter fryktar skal gjere terrorhandlingar i Noreg.

– Vi blei orientert om at desse miljøa blir nøye overvaka. Fleire av dei skal ha direkte kontakt med Al Qaida, seier ein som var til stades på møtet til Dagbladet.

Fryktar terrortrening i Syria

Fleire av dei namngjevne personane reiser ofte frå Noreg til konfliktfylte land.

Norske styresmakter fryktar at norske statsborgarar som krigar saman med Al Qaida i Syria skal kome heim og utføre terroråtak i Noreg.

I dag skal eit titals nordmenn kjempe med opprørarane i Syria.

Ifølgje Etterretningstenesta er det minst sju nordmenn som har knytt seg til Al Qaida.

– Vi meiner i dag at det er minst sju nordmenn som deltek i operasjonar saman med Al Qaida-relaterte grupper, seier sjef for Etteretningstjenesten, general Kjell Grandhagen, til NRK.

Etter det NRK erfarer skal det totale talet på norske statsborgarar som deltek i kamphandlingar i Syria vere over 20.

Avviser terrorsamband

Ubaydullah Hussain

AVVISER TERRORTRENING: Abaydullah Hussain seier fleire av medlemane i den radikale islamistiske gruppa hans er i Syria, men avviser at dei er der for å få terrortrening.

Foto: Peter von Tangen-Jordan / NRK

Leiaren for den radikale islamistiske gruppa Profetens Ummah, Ubaydullah Hussain, har tidlegare hevda til NRK at majoriteten av dei norske muslimane i Syria er knytt til gruppa hans.

Hussain avviser at norske muslimar reiser til Syria for å få terrortrening, men at det er obligatorisk for alle muslimar å beskytte muslimar under åtak.

Hussain hevdar at han ikkje kjenner til at nordmenn skal vere knytt til al Qaida-relaterte organisasjonar.

Ifølgje Dagbladet er det norske styresmakter sitt mareritt at dei norske islamistane som i dag kjempar saman med Al Qaida i Syria skal kome heim, og påverke unge islamistar til å utføre terrorhandlingar på norsk jord.

SISTE NYTT

Siste meldinger