Hopp til innhold

Helsepolitikarane om korona-prioritering: Vil unngå aldersgrenser

Norske helsepolitikarar vil ikkje ha ei øvre aldersgrense for kven som skal få hjelp dersom koronakrisa blir ekstrem. Kjersti Toppe (Sp) trur ikkje norske legar ville akseptert ei slik grense.

Stortingets spørretime
Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Toppe er lege, men har site i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget i fleire år.

– Eg trur ikkje norske legar ville respektert ei absolutt aldersgrense. Verken det norske folket eller legane hadde akseptert det, seier ho til NRK. Ho har gjort seg kjent med skissa der Helsedirektoratet vurderte om alder burde avgjere kven som får hjelp om korona-epidemien blir uhandterleg.

Held fast på vanlege reglar

I går presenterte Helsedirektoratet og helseminister Bent Høie eit utkast til korleis helsevesenet skal prioritere dersom korona-epidemien skaper store kapasitetsutfordringar.

Dersom koronakrisa toppar seg kan nemleg helsepersonell stå i krevjande situasjonar der dei må velje kven som skal få leve og døy.

I forslaget til prioritering av helsehjelp skriv Helsedirektoratet at i ein krisesituasjon gjeld dei same prioriteringskriteria som elles. Det betyr at helsepersonell skal gjere ei samla vurdering av

  • nytten av helsehjelp
  • ressursbruken
  • kor alvorleg helsetilstanden er

Skisse: 60-års-grense

Men det er blitt tenkt meir radikale tankar enn dette.

NRK kunne i går fortelje at Helsedirektoratet i det første utkastet skildra meir drastiske tiltak enn dei som til slutt vart teke inn i notatet.

Dokumentet skildra ei trinnvis forverring av kapasiteten i helsevesenet. Trinn 1 er dagens situasjon. I trinn 2, som er ein meir krevjande situasjon, skisserte Helsedirektoratet at ein kunne «nedprioritere pasientar over 80 år og pasientar i definerte stadier/klassifisering», mens ein i trinn 3 med store kapasitetsutfordringar ville «nedprioritere pasientar over 60 år og pasientar i definerte stadier/klassifisering».

Uakseptabelt

Den tanken burde ikkje ein gong vore tenkt i Helsedirektoratet, meiner Ingvild Kjerkol, Aps helsepolitiske talsperson.

– Ein kan kome i situasjonar der det er direkte uetisk med alder som sjølvstendig kriterium, så det burde ikkje ein gong vore nemnt.

Stortingets spørretime

UAKSEPTABELT: Ingvild Kjerkol (Ap) stiller spørsmål til helseminister Bent Høie i Stortingets spørretime tidlegare i år.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Å innføre alder som avgjerande kriterium ville vere på tvers av dei prioriteringskriteria Stortinget har innført, det ville ikkje vore noko Arbeidarpartiet kunne akseptere, seier Kjerkol.

Tok ut aldersgrenser

På ei avgrensa høyringsrunde fekk då også skissa kraftig motbør frå fleire hald. Legeforeininga og sjukepleiarforbundet, i tillegg til ulike medisin-professorar, ytra seg negativt.

«Eg vil sterkt fråråde bruk av alder som eige sjølvstendig kriterium» skreiv professor Ole Frithjof Norheim ved Universitetet i Bergen.

Og då helseminister Bent Høie presenterte eit forslag til prioriteringsreglar i går, var aldersgrenser ikkje med.

– Alder vil ikkje vere eit sjølvstendig kreiterium for prioritering i Noreg, det har det ikkje vore, og det skal det heller ikkje bli, sa helseminister Bent Høie (H) til NRK i går.

– Det er eg veldig glad for å høyre, eg er jo nærmare 60 enn 50, ler Geir Jørgen Bekkevold (KrF) sjølvironisk når han høyrer om skissa frå Helsedirektoratet som vart lagt til side.

Krf landsmøte

UTENKELEG: Geir J. Bekkevold (KrF) er leiar i helsekomiteen på Stortinget. Han meiner sortering av helsekøane på grunnlag av alder er heilt urealistisk.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Bekkevold er prest og leiar i helsekomiteen på Stortinget. Han meiner alder som avgjerande argument for kven som skal leve og døy er utenkeleg i Noreg.

– Det er så urealistisk at det er vanskeleg å svare på om det i det heile tatt kunne gått. Alder kan aldri bli eit sjølvstendig kriterium.

Frps helsepolitikar Åshild Bruun-Gundersen viser ei viss forståing for at Helsedirektoratet vurderte aldersprioritering ettersom det har vore historier frå for eksempel enkelte sjukehus i Italia der eldre pasientar ikkje har blitt prioritert.

– Aldersprioritering er jo den type spørsmål politikarar ikkje har lyst til å svare på for vi vil gje hjelp til alle. Men viss folk flest no følgjer råda frå Folkehelseinstituttet så treng vi ikkje kome dit, seier Bruun-Gundersen.

AKTUELT NÅ