Hopp til innhold

Helsedirektør Bjørn Guldvog: – Eg håpar alle kan vera ekstra tolmodige

Sjukefråværet er rekordhøgt og for første gong har talet på innlagde bikka 400. Men helsedirektør Bjørn Guldvog forsikrar om at hjula framleis går rundt.

Bjørn Guldvog

HELD ROEN: Helsedirektør Bjørn Guldvog la i dag fram vekerapporten til Helsedirektoratet.

Foto: Javad Parsa / NTB

Helsedirektoratet publiserte torsdag ny vekerapport.

– Under ei veke etter regjeringa letta på tiltaka har vi framleis høge smittetal. Det viser at pandemien er ikkje over, seier helsedirektør Bjørn Guldvog under gjennomgangen av rapporten.

Les også Dette er fagrådene fra helsemyndighetene

Munnbindplakat.

Samstundes understrekar han at folk blir mindre sjuke og ligg kortare tid på sjukehus med omikron enn med delta.

Innleggingstala vil stiga

Torsdag var 402 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er første gong at talet passerer 400.

– Vi trur at vi kjem til å liggja ein god del høgare enn i dag, seier Guldvog og legg til at innleggingstala truleg kan stiga med både 100, 200 og meir.

FHI har i modelleringar sagt at ein må kunna rekna med 1000 innlagde. I ein tidlegare modell var det snakk om opp til 2000 og 2500 innlagde. Helsedirektør Bjørn Guldvog trur vi ikkje kjem til å koma dit.

Les også FHI: Flere spedbarn blir lagt inn på sykehus med korona

Flere barn under ett år blir lagt inn på sykehus i Norge på grunn koronaviruset.

– Vi har veldig god kapasitet og eg trur ikkje det er sannsynleg at vi kjem opp i 1000 innlagde slik situasjonen er no. Samstundes er ikkje bekymra om vi skulle få så høge tal, seier han.

Grunnen er at få av dei innlagde har behov for intensivbehandling. Torsdag var det berre 44 intensivpasientar av dei 402 koronarelaterte pasientane på norske sjukehus.

Sjukefråværet er høgt

I vekerapporten skriv Helsedirektoratet at sjukefråværet knytt til korona framleis er høgt og at det kjem til å halda seg høgt i ei tid framover.

Over halvparten av alle sjukemeldingane er no koronarelaterte, og nivået ligg 55 prosent over tilsvarande periode i 2019.

– Det var ein auke på 55 prosent samanlikna med 2019 til same veke i 2022, skriv Helsedirektoratet.

– Fleire kommunar, særskilt i Nord-Noreg, melder om personellmangel. Det er skulda av høgt sjukefråvær, og underliggjande mangel på fastlegar og sjukepleiarar, seier Guldvog.

Les også Kan bedriftene ha sine egne koronaregler?

administrerende direktør Jørn Gisvold i finansselskapet Söderbergs og Partners.

Nær halvparten av kommunane i landet melder om ein utfordrande situasjon, og at mangel på personell er det største problemet.

Guldvog seier at fleire statsforvaltarar varslar at det kan oppstå krevjande situasjonar i primærhelsetenesta komande veker og månadar.

Ber oss ha tolmod

– Eg trur at vi kanskje ikkje skal forventa det høgaste servicenivået i kommunane no dei neste to-tre vekene, seier Guldvog.

Han seier at «hjula framleis går rundt», men understrekar også at befolkninga må vera førebudde på å visa ei viss forståing for at det tek lenger tid enn normalt å få tilgang på tenester.

Nakstad og Guldvog

TIL STADES: Assisterande helsedirektør Espen Nakstad var også til stades då Guldvog gjekk gjennom rapporten.

Foto: Berit Roald / NTB

– Eg håpar difor at alle kan vera ekstra tolmodige, sjølv om ting skulle gå litt saktare enn normalt, seier han.

Helsedirektøren kryssar fingrane for at våren blir mindre slitsam enn perioden vi no har vore gjennom.

– Men vi kan sjølvsagt ikkje gi garantiar for det, legg han til.

Gode nyheiter for Oslo og Viken

– Vi håpar no at smittetoppen blir nådd i løpet av få veker. Då vil sjukefråværet kunna gå ned, og fleire vil kunna koma tilbake på jobb igjen, seier Guldvog.

I Oslo og Viken er smittekurva på veg ned.

– Oslo og Viken kan ha nådd smittetoppen, seier helsedirektøren.

Han peikar på at både FHI-estimata samt rapporteringa Helsedirektoratet får av Oslo- og Viken-kommunane drar i den retninga.

Les også De unge savner kulturlivet mer enn de voksne

Anna Shona Øvrevik (26) (brunetten) til høyre 
Nathalie Rouen Rønnestad(21) (blondinen) til venstre

Talet på personar i kommunale institusjonar med korona er no 644 mot 633 førre veke.

– Vi ser også at innleggingar i institusjonar i kommunane går ned i Oslo og Viken, medan dei går opp i resten av landet, seier Guldvog til NRK.

AKTUELT NÅ