Anbefalte reiserestriksjonar mellom kommunar: – Ein glipp

I 17 timar anbefalte Helsedirektoratet at regjeringa skulle råde folk frå å reise ut av kommunar med høg smitte.

Bjørn Guldvog

Helsedirektør Bjørn Guldvog rår sterkt mot anbefalinga dei først argumenterte for.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– I ein versjon som blei sendt over til helsedepartementet stod det at vi anbefalte at ein skulle vere varsame med å reise ut av kommunar med mykje smitte, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

I praksis ville dette betydd at folk som bur i kommunar med høg smitte, ville blitt råda frå å reise ut av kommunen – like før jul.

No innrømmer Guldvog at det var ein glipp som ikkje skulle blitt sendt til Helse- og omsorgsdepartementet.

«Anbefaling om reiser over kommunegrensene er fjerna», står det i den endelege anbefalinga regjeringa fekk frå Helsedirektoratet.

«Anbefaling om reiser over kommunegrensene er fjerna», står det i den endelege anbefalinga regjeringa fekk frå Helsedirektoratet.

Foto: Skjermdump frå Helsedirektoratets anbefaling, tatt 08.12.2021

Den første versjonen, som inneheldt rådet direktoratet ikkje står inne for, blei sendt måndag klokka 16. Det fekk stå til tysdag klokka 9.30.

Las ikkje heile dokumentet

– I ein slik prosess er det veldig mange som jobbar, og det er vanskeleg for meg å få oversikt over alt som er skrive, seier Guldvog til NRK.

På morgonmøtet i direktoratet på tysdag blei Guldvog gjort merksam på rådet om reiser mellom kommunar. Då bad han om at det blei tatt ut.

Bakgrunnen for det er at vi no har nasjonale regler som gjeld for alle, og då spelar det i grunnen ikkje så stor rolle om ein er i den eine eller andre kommunen. Vi skal bruke munnbind, vi skal halde avstand, og vi veit alle korleis vi skal oppføre oss, uavhengig av kva kommune vi er i, seier helsedirektøren.

– Og eg meinte også at dette ville vere vanskeleg å kommunisere no i tida fram mot jul, legg han til.

– Då du stoppa dette tysdag, betyr det at du ikkje hadde lese svaret de sende på måndag?

– Det betyr eg ikkje hadde lese den versjonen fullt og heilt. Dette var eit dokument på 50 sider. Det hadde gloppe for meg.

Har stengt grenser før

Å stenge kommunegrenser har blitt gjort tidlegare i pandemien. I januar stengde Nordre Follo sine grenser då alfavarianten blei påvist i kommunen.

Det var uklårt kor smittsam den nye varianten var, og også kor sjuk ein kunne bli av den. I dag er det usikkerheitene rundt den nye omikronvarianten som skremmer.

Guldvog seier oppfatninga hans var at vi ikkje skulle ha reiserestriksjonar innanlands per i dag.

– Det er nok slik at det låg inne som eitt av dei punkta som hadde sloppe gjennom. Men i den siste kvalitetssikringa tok eg dette ut.

Så du var ikkje klar over det – det handlar ikkje om at du endra meining?

– Nei, eg var rett og slett ikkje klar over det. Eg har heile tida tenkt at på noverande tidspunkt ville ikkje dette vere tenande til formålet.

Ikkje regjeringa sitt initiativ

Guldvog seier det var kontakt mellom direktoratet og departementet mellom måndag ettermiddag og tysdag morgon, men avkreftar at regjeringa hadde noko å gjere med at rådet blei tatt ut.

– Det var kontakt heile tida, i desse timane. Men så vidt eg hugsar var ikkje dette eitt av dei temaa som eg diskuterte med departementet, seier han.

Pressekonferense om koronasituasjonen

– Vi gav ingen føringar i møtet, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Annika Byrde / NTB

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) avviser at dei har gitt føringar.

Det er vanleg at underliggande etatar reviderer svara sine og sender over fleire versjonar. Det gjer dei fordi det er korte tidsfristar, etatane har behov for å forstå kvarandre og for å kvalitetssikre eige arbeid.

Slik har det vore gjennom heile pandemien, seier Kjerkol.

– Helse- og omsorgsdepartementet har jamlege møter med etatane om oppdragssvara deira. Dette for å forstå kva det er dei anbefaler. Det hadde vi også denne gongen. Vi gav ingen føringar i møtet, så formuleringane om reiseråd og eventuelle endringar i svara må de derfor spørje Helsedirektoratet om, svarer Kjerkol.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 17.01.2022
60 766
Smittede siste 7 dager
240
Innlagte
1 382
Døde
4 300 918
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste meldinger