Hopp til innhold

Helgesen: – Slik kan vi ikkje ha det

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) vedgår at regjeringa ikkje var klar over at palmeolje blir brukt i bensin og diesel som blir selt her i landet.

Live-sekvens fra Dagsrevyen

VIDEO: – Dette visste vi ikkje

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK avslørte i dag at norske bilar køyrer på palmeoljeprodukt . Dette var ikkje statsråden klar over, trass i eit vedtak i Stortinget, og han ber no Miljødirektoratet om å kom med ei ny vurdering av krava som skal stillast til biodrivstoff. Han vil ha bort desse produkta frå marknaden snarast mogleg.

Stortinget ynskjer å kutte klimautsleppa og har vedteke at det skal blandast inn biodrivstoff i bensin og diesel. No viser det seg at biodrivstoffet som blir brukt er eit avfallsprodukt frå palmeoljeproduksjon. Ifølgje Regnskogsfondet er dette med på å øydeleggje regnskogen.

– Biodrivstoff kan vere bra

– Slik kan vi ikkje ha det. Sjølv om biodrivstoff kan vere bra, så er det ikkje bra om det er med på å øydeleggje regnskogen. Det er ikkje noko hjelp i at vi får ned utsleppa her, om utsleppa aukar i land som Indonesia og Malaysia, sa Helgesen på Dagsrevyen i kveld.

Han meiner at biodrivstoff er ei god løysing i mange tilfelle, men ikkje om det går på kostnad av regnskogen. Helgesen er klar på at det er viktig å bevare regnskogen.

– Vi veit at det finst biodrivstoff som har dette problemet, og det nye her er at marknaden er utvida til Noreg. Det har ført til at selskapa har valt dette stoffet, og dette må Miljødirektoratet sjå nærmare på, legg klimaministeren til.

Vil det opp med EU

Han ynskjer å ta opp dette problemet med EU, fordi det norske stortingsvedtaket er gjort på rammene av reglementet i EU.

– Eg kjem til å ta opp dette i Brussel. Det er naudsynt å stramme inn berekraftstandarden. Eg kjem til å be Miljødirektoratet om å gjere ei grundig vurdering, og så kan vi gå vidare med arbeidet for å få EU til å endre reglane, seier Helgesen.

AKTUELT NÅ