Hopp til innhold

Held døra på gløtt for samarbeid på tvers

Arbeidarpartiet og Senterpartiet held døra så vidt på gløtt for å samarbeide om enkeltsaker i Stortinget med ei regjering beståande Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Fremskrittspartiet går ut av regjeringen

Frå venstre Trygve Slagsvold Vedum, Jonas Gahr Støre og Siv Jensen etter debatten på NRK1 måndagskvelden.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa måndag ettermiddag for å gå i opposisjon i Stortinget. Høgre held fram i regjering saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre, og må rekne med å søke støtte i Stortinget frå sak til sak.

Statsminister Erna Solberg (H) seier at hovudretninga for regjeringa vil vere å gå til Framstegspartiet, men at om ikkje dei vil gi si støtte, så må dei søke samarbeid andre stader. Det var slik dei gjorde det då Frp og Høgre regjerte åleine frå 2014 til 2018.

– Ikkje særleg sannsynleg

Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre har ikkje stor tru på eit samarbeid med ei ny regjering beståande av Høgre, KrF og Venstre.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, let ikkje heilt igjen døra for å samarbeide med regjeringa, men han reknar ikkje med at det er særleg sannsynleg heller.

– Det er framleis ei regjering som har fleirtal saman med Frp, og dei har i dag lova truskap til kvarandre. Dette er ei regjering som har ein heilt annan kurs enn det Arbeidarpartiet ynskjer. Vi kjem til å fremje forslag, og dersom dei får fleirtal så er vi med på det, seier Jonas Gahr Støre til NRK.

Han meiner regjeringa har vore fullstendig handlingslamma i klimapolitikken, og han lovar at Ap kjem til å fremje forslag som kan gi kutt i klimautslepp og samstundes skape fleire arbeidsplassar.

Ap-leiaren ser ikkje bort frå at det kan vere fleirtal i Stortinget for endringar i abortlova og i bioteknologilova.

gjekk ut av regjeringa måndag ettermiddag

Frp-exit får konsekvenser for Carl I. Hagen og Mazyar Keshvari

Frp regjeringskrise Frexit

Siv Jensen sa på ein pressekonferanse måndag ettermiddag at Framstegspartiet går ut av regjeringa.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

– Skummelt

Frp-leiar Siv Jensen seier at dei som opposisjonsparti i Stortinget vil arbeide for å få gjennom mest mogleg av partiet sin politikk, og ho har ein mistanke om at Ap og Senterpartiet synest det er litt skummelt å bli utfordra av Frp i opposisjon.

– Ikkje formalisert samarbeid

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, seier at det ikkje er aktuelt med eit formalisert samarbeid med ei ny Erna Solberg-regjering, fordi kursen dei ynskjer er for ulik det Senterpartiet ynskjer.

Fremskrittspartiet går ut av regjering

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum trur ikkje det blir store endringar med ei regjering utan Frp.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Regjeringa kjem framleis til å føre ein sentraliserande politikk, og Frp har sagt at dei vil vere støtteparti i Stortinget. Hovudretninga vil vere sentralisering og forskjellspolitikk, seier han til NRK.

Han ser likevel ikkje bort frå at det kan bli samarbeid om enkeltsaker, slik at det kan bli andre fleirtalskonstellasjonar i nokre saker.

– I hovudsak er vi usamde. Ta politireforma, som har vore ei gedigen sentralisering og byråkratisering av politiet. Vi ser at regjeringa har gitt makt frå Stortinget til EU i energipolitikken, og vi ser ein avgiftspolitikk som rammar vanlege folk. Folk flest vil ikkje merke så stor forskjell når Frp går ut av regjeringa, sidan stortingsfleirtalet blir det same, avsluttar Vedum.

– Meir KrF-politikk

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad reknar det blir meir KrF-politikk i den nye regjeringa.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad trur det blir enklare å nå fram med KrF-politikk i regjeringa enn då Frp var med, men at det blir tilsvarande vanskelegare i Stortinget.

– Eg trur regjeringa vil få ein endå tydelegare KrF-profil. For oss er det viktig å få gjennom Granavollen-plattforma. Men vi blir ei mindretalsregjering, og då kan vi samarbeide begge vegar, seier han.

Ropstad håpar at Framstegspartiet vil vere konstruktive og følgje opp Granavollen i Stortinget.

– Gjer dei ikkje det, så må vi søkje fleirtal saman med andre, seier han.

Håper på Granavollen-støtte

Venstre-leiar Trine Skei Grande trur det vil bli meir Venstre-politikk i ei ny regjering, og ho håpar også at Framstegspartiet vil støtte Granavollen-plattforma i Stortinget.

– Gjer dei ikkje det, så må vi sørgje for å få fleirtal saman med andre konstellasjonar. Men nokre av dei mest oljegrå partia er store, så det blir ikkje lett å få til ein grønare politikk, seier Grande.

AKTUELT NÅ