Hopp til innhold

Heikki Holmås trekkjer seg frå leiarkampen i SV

Heikki Holmås trekkjer seg frå kampen om å bli ny leiar for SV etter Kristin Halvorsen. Dermed blir Audun Lysbakken ny leiar for partiet.

Video df14ae47-bc6e-42a4-941f-30fd580b622d.jpg

VIDEO: Intervju med Heikki Holmås i Dagsrevyen.

Heikki Holmås i vandrehallen i Stortinget.

Heikki Holmås er ikkje lenger kandidat til leiarvervet i SV.

Foto: Marit Kolberg / NRK

På ein pressekonferanse i vandrehallen på Stortinget ved 1830-tida sa Holmås at han valde å trekkje seg då han fekk oversikt over kven fylkespartia ville støtte. Fleirtalet gjekk inn for Audun Lysbakken.

– Eg vil seie tusen takk til alle som har støtta meg, men også takke dei som har støtta Audun, og som likevel har bede meg stå på, seier han.

– Heilt greitt å trekkje seg

Heikki Holmås seier til NRK.no at han synest det er heilt greitt å trekkje seg når det er Audun Lysbakken som vinn, og han forsikrar om at forholdet mellom dei to er godt. Han er blant anna beden i bryllaupet til statsråden seinare i år.

– Det har vore utruleg inspirerande å reise rundt i landet og møte tillitsvalde i partiet. Eg møtte mange kampklare SV-arar som har eit fandenivaldsk forhold til det dårlege valresultatet. Og eg skal vere med på laget vidare, seier Holmås.

Audun Lysbakken

Audun Lysbakken blir ny leiar i SV.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Han seier også at han kan kome til å gå for leiarvervet i SV ved eit seinare høve, om partiet ynskjer det.

På spørsmål om kva som blir hans rolle i partiet vidare framover, svarar Heikki Holmås at det er opp til den nye leiinga.

– Men vi treng fornying. Vi må gjenopprette tilliten til partiet, seier han.

- Ein unik prosess

Audun Lysbakken seier til NRK.no at partiet har hatt ein unik prosess med den opne leiardebatten. Han fekk beskjed av Holmås tidlegare i dag, og han rosar kollegaen for å sette partiet først.

- Det er stort gjort av han. No skal vi setje alle klutar til for å gjenreise SV, seier han.

Lysbakken mener at SVs oppslutning ved neste valg kan bli avgjørende for om det blir et fortsatt rødgrønt flertall. Han mener at det faktum at dei to lederkandidatene har utfordret hverandre i partiet, har ført til en grundigere lederdebatt.

LES OGSÅ: Glad for at Holmås trekkjer seg

Også fleirtalet i valkomiteen støtta Lysbakken. Seks av åtte støtta Lysbakken, medan dei to siste gjekk inn for Holmås.

Heikki Holmås orienterte først representantskapet i partiet før han møtte pressa på Stortinget vedd 18.30-tida.

Sterke støttespelarar

Audun Lysbakken har heile tida vore favoritt til leiarposisjonen i partiet, men Holmås har likevel hatt sterke støttespelarar rundt om i landet.

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen varsla sin avgang valnatta i september i fjor.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Heiki Holmås (39) og Audun Lysbakken (34) er begge frå Bergen, og begge har vore aktive i SV og Sosialistisk Ungdom i mange år. Holmås er i dag stortingsrepresentant, medan Lysbakken er barne- og familieminister.

Styrt overgang

Den andre nestleiaren i partiet, Bård Vegar Solhjell (39), trekte sitt kandidatur i slutten av september.

Det var valnatta i september i fjor at Kristin Halvorsen gjorde det klart at ho ville trekkje seg som partileiar.

Lysbakken vil bli valt til ny leiar i regjeringspartiet SV utan kamp på det ekstraordinære landsmøtet 10. mars. Partiet vil no få ein styrt overgang, og etter det NRK erfarer skal Holmås har sett behovet for å tette igjen leiarvakumet i partiet.

LES OGSÅ: Fleirtalet vil ha Holmås som ny leiar - men fylkesleiaren vil ha Lysbakken

LES OGSÅ: Heikki Holmås vil ha færre kommunar og større fylke

LES OGSÅ: SV har de minst lojale velgerne

LES OGSÅ: – Partiet må velge hvem de vil ha

LES OGSÅ: Klart flertall for Lysbakken

AKTUELT NÅ