Hopp til innhold

Høgre-politikar om handhelsing-saka: – Det er han som diskriminerer

I eit Facebook-innlegg rettar Heidi Nordby Lunde (H) kritikk mot den muslimske vikaren som mista jobben på Ekeberg skole etter at han ikkje ville handhelse på kvinner.

SE VIDEO: Heidi Nordby Lunde (H) meiner skulen har strekt seg langt for å legge til rette for mannen.

Dagsavisen skreiv i går om ein muslimsk mann som ikkje fekk forlenga vikariatet sitt ved Ekeberg barneskole i Oslo, fordi han ikkje ville handhelse på kvinner av religiøse årsaker.

Saka er no meldt inn til diskrimineringsombodet, med hjelp frå leiar i Organisasjon mot Offentlig Diskriminering (OMOD), Akhenaton Oddvar de Leon.

Slik ville muslimsk mann håndhilse på kvinner

Leiar i OMOD, Akhenaton Oddvar de Leon, viser til NRK korleis den muslimske mannen helser på kvinner i staden for å handhelse.

Foto: NRK

– Vi meiner vedkommande ikkje har fått lov til å fortsette i jobben sin på eit usakleg grunnlag. Det å ikkje ønskje å handhelse på nokon er ikkje til hindring for sjølve utføringa av jobben, sa de Leon i Dagsnytt 18 onsdag.

Det har ingenting å gjere med at vedkommande ikkje kan ta på barn, leike med barn eller snakke med barn. Dette går på vaksne kvinner. Så lenge ein kan gjere ein god jobb sjølv om ein ikkje handhelser, så forstår eg ikkje problemet, sa de Leon.

– Det er inga respekt i å tenkje på kvinner som freistingar

I eit Facebook-innlegg kritiserer stortingsrepresentant for Høgre, Heidi Nordby Lunde, den muslimske vikaren.

– Det er han som diskriminerer, skriv Lunde.

Ho meiner òg at Ekeberg barneskole har strekt seg langt for å legge til rette for mannen, mellom anna ved å la han sleppe å gi barna leverpostei og andre matprodukt som inneheld svin.

– Dei har òg latt han gå ned i ei 90 % stilling slik at han skulle få be på fredagar. Då har dei prøvd å tilpasse seg vedkommande sin situasjon, seier Lunde til NRK.

Heidi Nordby Lunde reagerer på at mannen nektar å handhelse, sidan han grunngir det med at han ikkje vil skape freistingar for seg sjølv.

– Derfor meiner eg at det er han som diskriminerer, ikkje det motsette. Det er inga respekt i å tenke på kvinner som freistingar. Då må det vere din fridom som avgrensast, ikkje min.

SE VIDEO: Akhenaton Oddvar de Leon meiner ein kan gjere ein god jobb på ein skole sjølv om ein ikkje handhelser på kvinner.

Lunde legg òg vekt på at mannen ikkje blei sparka, men at han ikkje fekk forlenga kontrakten sin.

Ifølgje Akhenaton Oddvar de Leon er det ei feiltolking at mannen blir freista av alle kvinner han ser. Han meiner at han grunngjev det med heilage skrifter, og presiserer at den aktuelle mannen ikkje ser ned på kvinner.

– Meir tradisjon enn religion

Forstandar i Rabita-moskeen, Basim Ghozlan, seier det i mange muslimske samfunn er tradisjon for å ikkje handhelse på ein person av det motsette kjønn, men at det ikkje nødvendigvis er fundamentert i religionen.

Basim Ghozlan

Basim Ghozlan, forstandar i Rabita-moskeen.

Foto: NRK

– Koranen nyttar ordet «å røre», men eigentleg så tyder det noko heilt anna. Det står ikkje i Koranen at man ikkje skal handhelse på det motsette kjønn. I heilage skrifter står det at profeten aldri har handhelst på framande kvinner, men ikkje noko anna enn det.

Ghozlan seier de aller fleste muslimar handhelsar, og at det ikkje burde vere eit stort problem.

– Det varierer frå kultur til kultur, og det må vere litt takhøgd og toleranse for at vi har forskjellige ståstader og ulike oppfatningar for ting. Det aller viktigaste er at vi syner kvarandre respekt. Min måte å vise respekt på er å nikke ti gonger, fortel Ghozlan.

Han oppmodar likevel muslimar om å handhelse i Noreg.

– Fordi det er tradisjon i Noreg og ein må tilpasse seg til det samfunnet ein bur i.

AKTUELT NÅ