Heiberg provosert over politikarane

- Dette er hol i hovudet, seier Gerhard Heiberg om at norske politikarar krev boikott av OL. - Pinlig, mener Dagfinn Høybråten.

Gerhard Heiberg
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / SCANPIX

Medlem i den internasjonale olympiske komite (IOK), Gerhard Heiberg, er provosert over at norske politikarar krev boikott i høve OL i Kina.

SE VIDEO: Heiberg rasende

Statsminister Jens Stoltenberg sa i dag at Noreg ikkje har planar om å boikotte opningsseremonien i Beijing, men på Stortinget meiner fleire politikarar at Noreg bør markere motstand mot brot på menneskerettane.

Den norske debatten om boikott er einsidig, seier Heiberg.

- Når det vert ropt korsfest, korsfest, så spring norske politikarar etter kvarandre. Det er heilt hol i hovudet.

Heiberg og IOK seier dei no skal ta opp menneskerettssituasjonen med kinesiske styresmakter. Men Heiberg tilbakeviser kritikken om at IOK ikkje tek klarare standpunkt i saka.

- Er det ein som har vore klar her, så er det meg. Eg er vel den einaste i Noreg som prøver å ha ei viss forståing for kva som skjer i Kina.

- Naivt

Dagfinn Høybråten
Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

- Eg er mållaus. Dette er rett og slett pinleg.

Det seier Dagfinn Høybråten om Heiberg sitt utspel.

- Det er naivt å tru at Heiberg skal reise til Kina og finne ut korleis det er. Det finst bindsterke dokumentasjonar på menneskerettsbrot i Kina, det treng ikkje Heiberg å reise til Kina for å finne ut.

- Det er flott at Heiberg reiser dit og har ein dialog, men det er veldig arrogant overfor det politiske Noreg slik han opptrer. Eg hadde håpa at sansane for nyansar hadde vore litt større hjå eit norsk IOK-medlemm enn det vi fekk sjå her, seier Høybråten.

- IOK må vere tydelege

Trond Giske
Foto: NRK

Kulturminister Trond Giske støttar Høybråten og meiner det er viktig at også IOK er tydelege på kva dei ventar seg av til dømes fridom for journalistar i Kina.

- Eg trur denne debatten syner at vi eigentleg diskuterer to ting. Det eine er korleis styresmaktene på alle moglege måtar skal jobbe for å betre menneskerettane, men at også idrettskontakt faktisk bidreg til denne utviklinga.

- Det å halde seg vekke, og det å stenge desse kontaktene, trur eg gjer det arbeidet vanskelegare.

SISTE NYTT

Siste meldinger