Hopp til innhold

Heftig debatt om norsk krigsdeltaking

Alle var samde om at det er viktig å gjere noko med terrorgruppa IS i Irak og Syria, men i Debatten på NRK1 i kveld var det ulike meiningar om kva det norske bidraget bør gå ut på.

Innslag frå Kveldsnytt.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) og forsvarspolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, Anniken Huitfeldt forsvarte det norske militære bidraget med at det er betre å gjere noko enn å ikkje gjere noko.

Forsvarsministeren slo fast at IS er ein terrororganisasjon, som er ein trussel både mot Midtausten-regionen og mot oss. Målet med det norske bidraget i militæraksjonen er å setje Irak i stand til å stå mot trusselen frå IS. Dei norske soldatane skal drive trening og opplæring av irakiske styrkar, men dei skal ikkje i kamp.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum argumenterte sterkt mot eit norsk militært bidrag i Irak.

Foto: NRK

Ho var også klar på at det norske bidraget er innanfor Folkeretten, sidan det var Irak som bad om internasjonal hjelp mot IS. Noreg skal også gi eit betydeleg humanitært bidrag, sa ho.

– Humanitær stormakt

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Audun Lysbakken argumenterte mot det norske militære bidraget til å kjempe mot IS i Irak. Dei var samde om at Noreg som ei humanitær stormakt burde nøye seg med å bidra med humanitær hjelp.

Lysbakken viste til dei mange mislukka USA-leidde intervensjonane verda har sett dei siste åra, og han såg ingen grunn til at denne aksjonen skulle få ein betre utgang enn dei andre.

Audun Lysbakken (SV).

Audun Lysbakken fryktar den militære aksjonen vil gjere IS sterkare.

Foto: NRK

– Over alt der USA snur seg blir noko knust. Ein USA-leidd krig vil auke støtta til IS i regionen. Vi risikerer å hamne i ei fastlåst hengjemyr, sa Lysbakken blant anna i debatten. Han kritiserte også regjeringa for at dei har vist stor vilje til å bidra militært, men at dei har vist lite ansvar for flyktningane.

– Iransk styrkeoppbygging

Slagsvold Vedum grunngav sin motstand mot eit norsk militært bidrag med at det er farleg å støtte det irakiske regimet, som har svært nære band til Iran.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå heile debatten her.

– Vi risikerer å bli ein del av ei iransk styrkeoppbygging i regionen, og det er svært problematisk, sa Slagsvold Vedum blant anna.

Anniken Huitfeldt var klar på at det er viktig å handle mot IS, fordi det er mykje verre å ikkje gjere noko. Den største risikoen, sa ho, er at IS får vekse seg sterke slik at dei kan gå til angrep også på andre land.

Legen og samfunnsdebattanten Bushra Ishaq var ikkje i tvil om at IS må nedkjempast både militært og ideologisk, men at det først og fremst må vere muslimane sin kamp. Om Vesten vil bidra, sa ho, så bør det skje ved å styrkje muslimane som kjempar mot IS.

Lege og samfunnsdebattant Bushra Ishaq mener kampen mot IS først og fremst er muslimenes egen kamp, og Norge og andre vestlige land bør ta hensyn til det. 
Se klipp fra Debatten 6. november.

VIDEO:

– Antivestlege haldningar

– Eg er redd for at dei går i fella slik at IS står sterkare støtte Det er sterke antivestlege haldningar i området. Dei burde ha gått til angrep mot det syriske regimet for to år sidan, då hadde ikkje IS greidd å vekse seg så sterk, sa ho i debatten.

Cecilie Hellestveit, seniorforskar ved International Law and Policy Institute, minte om at den irakiske hæren faktisk er ein av grunnane til at IS har vakse fram. Sjølv om innsatsen er innanfor Folkeretten, sa ho, men at ein FN-leidd operasjon ville has sett annleis ut for folk i regionen enn denne.

Seniorforskar Cecilie Hellestveit.

Den irakiske hæren er ei viktig årsak til IS sin frammarsj, seier forskar Cecilie Hellestveit.

Foto: NRK

– Det er mange som lurer på motivet for den vestlege hjelpa. Den irakiske hæren er i mange konfliktar. Det er lite som tyder på at ting har endra seg i Bagdad, og det er viktig å hugse på at mange av landa som er med i koalisjonen mot IS har heile ulike motiv. Og det er på ingen måte dei same som våre, sa Hellestveit blant anna.

– Irakisk regime er årsaka

Leiaren for Islam Net, Fahad Qureshi, minte meddebattantane på at for berre eitt år sidan, så var IS ein veldig liten terrororganisasjon. Årsaka til at dei har vakse seg så sterke, sa han, er at det irakiske regimet har torturert og massakrert uskuldige menneske.

– Mange sunniar vart pressa opp i eit hjørne og slutta seg til IS. Koalisjonen burde ha bomba også det irakiske regimet og Assad-regimet i Syria for å hindre auka oppslutning for IS, sa Islam Net-leiaren.

Han sa også at gjennomsnittlege muslimar ikkje støttar dei militære aksjonane mot IS, og at mange trur at Vesten no går til krig mot islam. På spørsmål om han trur krigen mot IS vil auke faren for terror i Noreg, svarte han at terrortrusselen er overdriven.

LES OGSÅ: Senterpartiet: – Vi er humanitær, ikke militær stormakt

LES OGSÅ: Norge sender 120 soldater til Irak

LES OGSÅ: – Når Norge nå har sagt A, må vi si B også

LES OGSÅ: SV støtter ikke regjeringen – frykter vestlig krigføring styrker IS

AKTUELT NÅ