Hopp til innhold

Harry ga den første krona

Verdsstjerna Harry Belafonte ga dei første kronene til TV-aksjonen til inntekt for HIV- og AIDS-råka då han vitja Tveita skole i Oslo i dag.

Harry Belafonte
Foto: NRK

Han trur kvelden igjen vil visa stor gjevarglede i Norge.

- Det er ikkje så lett å tenkja på andre når ein har det så godt sjøl. Men det faktum at nordmenn bryr seg om korleis andre folk i verda har det, er eit symbol på engasjementet og humanismen blant nordmenn, seier Belafonte.

- Eg er her for å takka det norske folk, seier han.

Gammal fan traff helten

I ettermiddag vitja Harry Belafonte bydelen Tveita i Oslo, og der fikk ein gammal fan treffe helten sin.

- Eg hadde aldri trudd at eg skulle sjå deg i levande live, sa innsamlingsleiar Sidsel Karin Moe på Tveita då verdsstjerna dukka opp på Tveita skole.

NETT-TV: Harry Belafonte kom til Tveita

 

 

AKTUELT NÅ