Hopp til innhold

Hareide vil gi veljarane klar beskjed

KrF-leiar Knut Arild Hareide lovar at veljarane i god tid før stortingsvalet i 2017 skal få vite om partiet søkjer samarbeid til høgre eller til venstre. I dag starta arbeidet som skal leggje opp ruta for det politiske vegvalet.

Knut Arild Hareide på talarstolen på Gardermoen.

KrF-leiar Knut Arild Hareide lovar at veljarane skal sleppe å lure på kven partiet skal søkje samarbeid med etter stortingsvalet i 2017.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Det var på partiet sin landskonferanse, der 360 KrF-politikarar frå heile landet deltok, at Hareide lovde veljarane ei rask avklaring på kvar KrF høyrer heime. Partileiaren brukte tid i talen sin på å snakke varmt om alt KrF har fått til i norsk politikk, og han nemnde spesielt at KrF sikra at 2,25 milliardar kroner til bistand vart løfta inn i statsbudsjettet igjen.

Talen til Hareide vart møtte med stor jubel frå lokalpolitikarane, men fleire gjorde det klart at dei ikkje ynskjer at partiet si rolle som støtteparti for ei regjering med Framstegspartiet, skal halde fram i neste stortingsperiode.

– FrP-samarbeid uaktuelt

Ein av dei var ordførar i Træna og fylkesleiar i Nordland KrF, Per Pedersen.

Knut Arild Hareide på talarstolen.

Partileiar Knut Arild Hareide brukte mykje tid på å fortelje om sigrane til partiet i denne regjeringsperioden.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– For min del er det ikkje aktuelt med eit samarbeid med Framstegspartiet i framtida. eg opplever at avstanden i politikken til dei to partia er for stor, seier han til NRK. For han er det viktig at politikken blir ført inn mot sentrum.

-- Eg er gammal nok til å hugse Bondevik I-regjeringa og sentrumsalternativet. Det har vore mange tunge kampar i denne perioden, eg vil tru at ikkje mange vil ha same tilknytinga til den noverande regjeringa i neste periode. Avstanden er for stor, seier han.

For mange i KrF er draumen eit sterkt sentrum som samarbeider med Høgre eller Arbeidarpartiet, der SV og Frp er sette på sidelina. Ein av desse er Geirmund Lykke, sentralstyremedlem og kommunalråd for KrF i Trondheim. Han likte godt nyheita i går om at SV ikkje vil binde seg til det raudgrøne samarbeidet før stortingsvalet i 2017.

– Krevjande samarbeid

– Fløypartia SV og Frp er krevjande samarbeidspartnarar for KrF. Det at SV ikkje er del av eit regjeringsprosjekt, skapar større rom for KrF som sentrumsparti, seier Lykke til NRK.

Partileiar Hareide er samd i at KrF no har eit større rom å boltre seg i tida fram mot stortingsvalet.

– Det er viktig for veljarane å vite at valet i 2017 verkar å bli meir ope, seier han.

I talen sin til landskonferansen kom Knut Arild Hareide med eit humoristisk stikk til Framstegspartiet og innvandringsminister Sylvi Listhaug.

SV garanterer ikke rødgrønt samarbeid

Giske: – Fornuftig valg av SV

– Ekstremvêret Sylvi

– Det er bra at ekstremvêret Tor har løya. Eg veit ikkje om ekstremvêret Sylvi Listhaug har løya enno, sa han til stor latter i salen. KrF-leiaren er kritisk til måten Listhaug handterer asylsituasjonen, og han er klar på at denne politikken skapar avstand til Kristeleg Folkeparti.

AKTUELT NÅ